Hopp til innhold

Teatersjefen vil heidre løparkongen i rein Forrest Gump-stil

Grytidleg fredag morgon startar teatersjef Terje Lyngstad heidringa av løparkongen Mensen Ernst. Og han vil svært gjerne ha deg med i løypa.

Terje Lyngstad

KLAR: Terje Lyngstad håpar på Forrest Gump-heidring av løparkongen Mensen Ernst frå Vik.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I løpet av dei neste sju dagane skal sjefen ved Sogn og Fjordane teater, Terje Lyngstad, legge bak seg 420 kilometer på landevegen.

Føremålet er å heidre løparkongen Mensen Ernst (1795-1843), og å framheve idrettsglede og folkehelse. Heile prosjektet blir avrunda med teaterframsyning om løparkongen.

– Eg vil veldig gjerne ha selskap. Dette er ein fest og ei feiring, og dess fleire vi er jo betre er det. For dei som har sett filmen, ynskjer vi det som Forrest Gump, ler Lyngstad.

Som Forest Gump

For dei som ikkje kjenner filmen, la Forrest Gump (spelt av Tom Hanks) bak seg ikkje mindre enn 24.539 kilometer over den tre år, to månader, 14 dagar og 16 timar, lange joggeturen sin. Fleire stader fekk han følgje av andre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Lyngstad

PÅFUGL: I dette kostymet skal Terje Lyngstad springe frå nord til sør i fylket, og så innover lang Sognefjorden.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Og det er akkurat dette Lyngstad håpar å oppleve når han skal legge bak seg ein distanse tilsvarande ti maratonløp på ei veke.

– Det er klart at det er mykje, men no er det faktisk folk som driv med dette. Og vi skal feire ein stor fylkeshelt som gjorde dette for eit par hundre år sidan, seier Lyngstad.

Gler seg til Fresvik

Løparkongen teatersjefen skal heidre var opphavleg frå Fresvik i Sogn. Sjømannen Ernst vart Norges første profesjonelle idrettsutøvar. Etter sitt første langløp i 1819, stod vikjen for ei lang rekkje oppsiktsvekkjande prestasjonar.

Ein av dei mest kjende er Paris – Moskva, ein distanse han brukte 14 dagar på å gjennomføre. Lyngstad gler seg mest til å komme til Fresvik.

– Der kom Mensen Ernst frå, og eg har blitt godt kjend med folk i bygda siste åra. Der kjem også Ingrid Kristiansen, og då blir eg veldig «starstruck», for ho er eit stort førebilete og helt som utøvar i si tid, seier teatersjefen.

Kysten sørover

Mensen Ernst

LØPARKONGE: Mensen Ernst.

Reisa frå fylkesgrensa ved Åheim i nord til fylkesgrensa ved Kringla i sør startar fredag morgon klokka 0630. Turen går via Måløy til Bremangerlandet, Eikefjord, Askvoll og til Brekke.

Frå Kringla vender Lyngstad med følgje innover Sognefjorden via Oppedal og Bjordal. Deretter står Arnavik, Vik og Fresvik for tur.

– Der skal vi hylle Mensen Ernst ekstra, før vi endar opp i Leikanger den sjuande dagen, seier Lyngstad.

Lokkar med billettar

Teatersjefen seier han er budd på at ting kan gå gale, men legg også til at han er godt budd til den store kraftprøva. Gjennom året har han delteke i ei lang rekkje maratonløp – iført den mykje omtala påfugldrakta.

Lyngstad trur kroppen hans er godt budd på å takle påkjenninga.

– Eg har halde på i veldig lang tid, og er forsiktig. Det som kjenneteiknar dei som får skade fort, er at dei skal bli i god form i morgon og skal ha blodsmak på treninga. Det fungerer aldri godt. Ta det med ro, og bruk lang tid, så vil kroppen venne seg til denne type trening også, seier Lyngstad. Som ikkje har noko krav til verken erfaring eller påkledning om nokon finn det for godt å slå følgje med han.

– Det hadde vore grådig kjekt om folk vil vere med og halde meg med selskap. Vi har sagt at dei som blir med på ti kilometer vil få tå gratisbillettar til ei førestilling, avsluttar han.