Hopp til innhold

Thomas (20) knuste 37 år gammal slegge-rekord

66.70 meter lyder den nye krinsrekorden i slegge, sett av 20-åringen Thomas Mardal. Den gamle rekorden var 64.20 og har stått urørt sidan 1980.

66.70 meter lyder den nye krinsrekorden i slegge, sett av 20-åringen Thomas Mardal. Den gamle rekorden var 64.20 og har stått urørt sidan 1980.

REKORD: Thomas Mardal sette både ny personleg rekord og slo den 37 år gamle krinsrekorden med 2,5 meter.

– Eg kjende då eg kasta at det kom til å gå langt, men det var utruleg herleg å få bekrefta lengda og å ta kvalifiseringskravet til U23-EM i sommar, seier Thomas Mardal til NRK.

I nær 40 år har Ove Farsund hatt krinsrekorden i sleggekast, men i sesongopninga 23. april 2017 vart rekorden slått av ein 20-åring.

Langvarig mål

Mardal er ein del av Gloppen friidrett og som klubb har dei hatt eit mål for sleggekastarane sine dei siste åra.

– Vi har jobba målretta mot å avliva den rekorden i mange år, seier trenar Jørund Årdal.

Og når dei først klarte det vart det gjort med god margin. 2,5 meter for å vera nøyaktig. Kastet fører han opp på andreplass på lista over dei beste sleggekastarane i landet.

– Eg var bombesikker på at at han kom til å ta den i løpet av året. Han har hatt ei utruleg utvikling gjennom vinteren og er eit kjempe talent, seier Ove Farsund som har hatt rekorden sidan 80-talet.

– Er det vemodig å mista rekorden?

– Nei, det må ein sjå positivt på. At det er gode talent på veg opp og eg hadde aldri trudd den skulle stå så lenge heller, seier Farsund.

Men det var ikkje berre Thomas Mardal som kasta langt i sesongopninga. Både Evald Osnes Devik (62.85 meter) og Steinar Kleppe (62.58 meter) leverte kast over 60 meter.

F.v Evald Osnes Devik, Thomas Mardal og Steinar Kleppe

ALLE OVER 60: Frå venstre: Evald Osnes Devik, Thomas Mardal og Steinar Kleppe leverte alle kast over 60 meter i søndagens stemne.

Foto: Privat

La om treninga

Før dagens rekordkast hadde Mardal ei personleg bestenotering på dryge 63 meter. Han forklarar den store framgangen slik:

– I vinter la eg om treninga og satsa meir på slegge enn diskos, som eg har satsa hardare på tidlegare, seier han.

Og det gav resultat umiddelbart. Framover vert det fleire stemne før det er U23-EM i Polen i juni og til hausten sett han kursen til Florida for å studera.

– Eg får stipend der og får sjansen til å satsa vidare, seier Mardal.

Og innan to år har han målet klar.

– Då skal eg passere 70-metersgrensa, seier han.