Her sjøset dei rekonstruksjonen av landets største vikingskip

NORDFJORDEID (NRK): Meir enn tusen år etter at Myklebustskipet segla på Eidsfjorden for første gong, blir ein rekonstruert versjon sjøsett.

Myklebustskipet

SJØSETTING: Her flyt den rekonstruerte versjonen av Myklebustskipet på fjorden i Eid.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Eit heilt spesielt fartøy treffer vatnet på Eidsfjorden. Etter mange års arbeid, er det endeleg tid for at det nybygde Myklebustskipet kan sjøsettast.

Myklebustskipet er truleg det største vikingskipet det er funne restar etter i Noreg. Ingen veit nøyaktig korleis båten såg ut fordi vikingane brann båten opp i ei grav, men rekonstruksjonen gir eit inntrykk av dei veldige dimensjonane på båten.

Det nye Myklebustskipet er kring 30 meter langt og veg over 14 tonn. 24 par årer må til for å få fart på sjøen.

– Kraftig løft for reiselivet

Skipet blir midtpunktet i opplevingssenteret Sagastad, som opnar på Nordfjordeid 10. mai. Når også dei første cruisebåtane kjem til kommunen denne sesongen, er det venta at skipet blir ein av dei viktigaste attraksjonane.

Alfred Bjørlo

ATTRAKSJON: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), deltok i sjøsettinga av den nye turistattraksjonen i kommunen.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Myklebustskipet og opplevingssenteret på Sagastad vil bli eit av dei store trekkplastera i fjordnoreg for dei som er interesserte i vikinghistorie. Dette er den første store attraksjonen som løftar fram vikingtradisjonane på Vestlandet, seier ein tydeleg stolt ordførar Alfred Bjørlo (V).

– Eit smykke

Sjølv har han følgt bygginga av skipet og senteret. Og han har late seg imponere.

– Eg vert aldri leie av å sjå på det. Det er så flotte former. Og då eg kom ned hit i dag tidleg og fekk sjå skipet for første gong med drakehovud gav det eit mektig inntrykk. Det er jo eit smykke, seier Bjørlo.

Starta arbeidet i 2016

Det originale Myklebustskipet høyrde til Kong Audbjørn av Fjordane som fall ved Solskjel på 800-talet. Skipet brann opp saman med eigaren i ein gravhaug på Nordfjordeid.

Arbeidet med ein rekonstruksjon av fartøyet starta vinteren 2016. Båtbyggjarar frå bygda Bjørkedalen på Sunnmøre har lagt ned mange timar arbeid for å reise det nye Myklebustskipet.

Storleiken på båten er rekna ut frå storleiken på naglane, og antalet skjoldbular som vart funne i skipsgrava.

Ottar Kåre Bjørkedal

HAR BRUKT TRE ÅR: Båtbyggar Ottar Kåre Bjørkedal.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

I følgje båtbyggjar Ottar Kåre Bjørkedal har seks mann jobba med skipet i tre vintrar. Mellom 10 000 og 12 000 arbeidstimar har dei brukt på jobben. Laurdag står i han i sjøkanten og følgjer spent med på det som skal skje snart.

– Det er ein spennande dag. Det er mykje å tenkje på, og som kan gå gale. Men til no har det gått bra. Når båten flyte kan vi puste letta ut. Det er ein god dag som vi har sett fram til i tre år, seier han.

Dåp søndag

Skipsdåpen skjer søndag, då kjem kulturminister Trine Skei Grande (V) til Nordfjordeid for å vere gudmor for det nye Myklebustskipet.

No blir verdas største vikingskip bygd på Nordfjordeid. Målet er at vikingtida skal lokke endå fleire turistar.

Målet er at vikingtida skal lokke endå fleire turistar til Eid. Sjå videoen frå arbeidet med skipet i 2017.