NRK Meny
Normal

Feller tre til vikingskip

BJØRKEDALEN (NRK): I dag starta felling av tre som skal brukast til å bygge kopien av Myklebustskipet, truleg det største vikingskipet det er funne restar av i Norge.

Kopien av det truleg største vikingskipet det er funne restar av i Norge vil etter all sannsynlegheit bli bygd på Nordfjordeid.
Eid kommune har vedteke å bygge Sagastad, no gjenstår berre detaljar for å få alle brikkene på plass.

Fotograf: Asgeir Heimdal Reksnes

I skogen i Bjørkedalen syng motorsagene, sjølv om ikkje alle brikker er på plass tar dei no sjansen på å starte fellinga av tre til vikingskipet som truleg skal byggast i Eid .

– Vi har tjuvstarta litt, for å få hogge dei grovaste dimensjonane no på vinteren når det er godt føre, seier båtbyggar Jakob Helset.

Myklebust-skipet

Det 30-meter lange Myklebust-skipet er truleg det største vikingskipet som er funne i Norge . Med å starte hogsten no, reknar den røynde båtbyggaren med å kunne spare eit heilt år på arbeidet. Det var Sunnmørsposten som først skreiv om saka.

– Får vi saga det no i løpet av våren, så kan vi kome i gang med bygging til hausten dersom det blir aktuelt, seier Helset.

Sagastad

Eid kommune har vedteke å bygge Sagastad , no står det berre att detaljar for å få alle brikkene på plass . Dersom det går i orden er båtbyggarmiljøet i Bjørkedalen høgaktuelle til å få oppdraget. I dag har dei vore i furuskogen i bygda for å finne dei største og viktigaste trea som skal bli deler på skipet.

Jakob Helset

VIKINGSKIP: Båtbyggar Jakob Helset.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Først og fremst så er det emne til kjølen vi er på jakt etter, og så er det spant til midtskips, seier Helset.

Og det er anselege dimensjonar på spanta som må vere 5,20 meter lange, 55 centimeter breie og 12, 5 centimeter tjukke.

– Dette er tung material å handtere, så det er absolutt ein fordel å få gjort dette no, så vi får saga det slik at det er turt til vi skal bruke det til hausten.

– Folk skal få høve til å sjå det, men vi har ikkje diskutert korleis vi skal gjere det for vi kant ikkje ha folk gåande rundt oss heile tida medan vi bygger.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.