Det digre hovudet er meisla ut for hand, og skal pryde rekonstruksjonen av det truleg største vikingskipet som er funne restar av her til lands.
Snart skal Myklebustskipet på Nordfjordeid sjøsetjast, vikingskipet er frå ei av dei store vikinggravene her i landet.
– Det blir spennande å sjå det på fjorden. Det er alltid kjekt når ein ser resultatet, det er litt stort det, seier Rolf Taraldset.
Eit unikt oppdrag
Treskjerarmeisteren frå Hornindal starta med treskjering som femåring, og har treskjering som leveveg. Men meisteren har aldri laga eit drakehovud til eit vikingskip før.
No er han snart ferdig med fyrste del av utfordringa.
– Då eg hadde silhuetten av hovudet, var vekta 140 kilo, eg reknar med at vekta er noko under 80 kilo når det er ferdig, seier Taraldset.
Det er båtbyggarar frå Bjørkedalen i Volda som dei siste tre åra har jobba med å bygge sjølve Myklebustskipet.
ARBEID: Rolf Taraldset jobbar no med øyret på draken, det vil ta 20–30 timar å få det ferdig, seier Taraldset.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKBlir attraksjon i stort senter
Skipet skal stå på utstilling i Sagastad, ei storstila turistsatsing på Nordfjordeid. Opninga er i mai, sjøsettinga siste laurdag i april.
– Hovudet skal vere klart til montering, men det skal kome noko meir dekor. Etter sjøsettinga tar vi ned hovudet, så er meininga at eg skal gjere ferdig dekoren medan eg står i senteret på Nordfjordeid seinare, seier meisterskjeraren.
NØYAKTIG: – Eg er ikkje redd for å gjere feil, seier Taraldset.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK– Eit drakehovud ulikt alle andre
Ingen veit korleis Myklebustskipet eigentleg såg ut sidan båten vart brent opp under gravseremonien på 800-talet. Det er restane av 44 skjold og storleiken på naglane som gjer at ein reknar skipet for å vere større enn andre kjende vikingskip.
Taraldset har vore oppteken av at både hovud og hale skal vere unike for Myklebustskipet, ikkje kopiar frå andre kjende funn.
– Det er meir interessant for alle partar når det er noko originalt, dessutan er det viktig at det tek seg bra ut i silhuett, seier Taraldset.
DIGERT: Drakehovudet skal festast på skipet om 14 dagar.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK– Det blir veldig lange dagar
– Det blir mykje arbeid dei to siste vekene no, denne påska må eg nok jobbe, smiler Taraldset.
Likevel trur han at han har kontroll.
– Eg ligg an til å klare det som er tenkt, det som er vanskeleg å vite er kor mykje arbeid det blir med monteringa.