Hopp til innhold

Her kjem han heim etter 1005 turar til fjells

LÆRDAL (NRK) Per Tomas Hunderi er ein ivrigare fjellvandrar enn dei fleste. Maskinføraren har gått same turen til fjells, nesten kvar dag – i tre år. I dag runda han 1005 turar.

Per Tomas Hunderi er ein ivrigare fjellvandrar enn dei fleste.

UT PÅ TUR: Per Tomas Hunderi går så ofte han kan opp Oftedalen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg ville komme i betre form. Så då starta eg å gå. Sidan har det berre balla på seg, fortel Hunderi til NRK.

Per Tomas Hunderi bur i bustadfeltet Ofta bak sjukehuset i Lærdal. Her kan han gå rett ut av døra og opp Oftedalen, til ein støl som ligg 780 meter over havet.

Det er ein fjelltur på 3,4 kilometer éin veg i bratt lende. Og denne vegen har Per Tomas Hunderi gått 397 gonger berre i år. Målet er 400 før 2017 er omme på søndag.

– Eg tykkjer det er kjekt å gå her. Turen opp Oftedalen er den finaste eg veit om. Og så er det kort veg frå huset mitt, seier Per Tomas Hunderi.

Stillesitjande jobb

Til dagleg jobbar Hunderi som maskinførar, og er sjølvstendig næringsdrivande. Ofte kjem arbeidsdagen på mellom 12 og 13 timar.

– Då er det greitt å ha fjellturar som ei avveksling. Det klarnar hovudet å få gå litt.

NRK møtte han fredag føremiddag då han nett kom heim etter nok ein tur til støls.

I 2015 gjekk Hunderi same turen 275 gonger. I 2016 gjekk han 333 gonger. Og i 2017 er målet altså 400.

– Det store målet i år var eigentleg 365 turar, éin for dagen. Slik vart det ikkje, det vart meir, smiler Hunderi.

Same turen, i same dalen, til same stølen. Men sidan det er nokre dagar han ikkje har fått gått, har Hunderi vore nøydd til å ta turen to gonger på same dag.

Støl Oftedalen Lærdal

GOD UTSIKT: Hit til denne stølen i Oftedalen går dei fleste turane til Per Thomas.

Foto: Per Tomas Hunderi

Gler seg til kvar tur

Doble turar til Oftedalen har Per Tomas teke i 55 av dagane. Og då har andreturen gjerne blitt lengre enn berre opp til stølen.

– Då har eg gått til Torstein, som ligg cirka 1000 m.o.h., fortel Hunderi.

– Du vurderer ikkje å skifte løype?

– Jo, eg vurderer det til neste år. Vi får sjå. Men eg har jo gått litt andre plassar i sommar.

– Har du blitt i betre form?

– Det har eg. Det er slik at eg gler meg til kvar gong eg skal gå, seier Hunderi.

Utsikt frå Oftedalen i Lærdal

NED TIL BYGDA: Det er eit fantastisk syn frå Torstein. Nede i dalen ser vi Lærdalsøyri.

Foto: Per Tomas Hunderi

– Ser huldrer

For å få motivasjon høyrer han gjerne på musikk medan han går.

– Og så nyt eg naturen. Det er ikkje éin tur som er lik. Det er forandring heile tida. Ulikt vêr, og mange dyr å sjå på, slik som hjort og ulike fuglar. Og så ser eg huldrer, ler Hunderi.

Han er godt utstyrt med piggsko og stokk, og det går fort opp bakkane når sprekingen først set i gong

– Stoggar du no ved nyttårsaftan?

– Vi får sjå. Det er mogleg eg går andre ruter, seier Hunderi.

Oftedalen, Lærdal

FJELLTUR: Oftedalen i Lærdal.

Foto: Per Christian Jerving