I samband med 100-årsjubileet til Høyanger i år, blei ein del av produksjonen stoppa i to dagar i november. Den såkalla anodehallen vart bygd om til konsertarena. Her blei mange artistar samla til ein spektakulær konsertproduksjon der målet var å vise fram industrisjela til Høyanger.
På julaftan kunne du sjå ei redigert utgåve av konserten, med artistar som Thea Hjelmeland, Eva & the Heartmaker, Odd-Erik Lothe, Karl Seglem og Line Dybedal. Programleiar er Finn Tokvam.
– Det er andre året på rad vi leverer TV-underhaldning til det norske folk på julaftan. I år blir det musikalsk og spektakulær fest frå aluminiumsverket i Høyanger. Det er utruleg kjekt at vi får vise fram denne konserten på ein slik dag, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.
I programmet får du også sjå unike historiske bilete frå Høyanger, og du får med deg historia om korleis industrien har sett sine tydelege spor på denne staden langs Sognefjorden.
NRK hadde regien på konserten, medan OnCue i Høyanger var teknisk arrangør i samarbeid med aluminiumsverket til Hydro i Høyanger. I alt var 150 personar i sving på og bak scena for å skape den unike konserten som vert sendt i beste sendetid.
- Les også:
- Les også: