– No er eg veldig rørt her, sa Thea Hjelmeland då ho kjempa med tårene medan ho delte ut prisen til faren sin.
For frontfigur Arle Hjelmeland og Good Time Charlie kunne gå stolt på scenen i Hydro sine lokale i Høyanger, for å ta i mot Luttprisen føre dottera, anna familie, vener, kollegaer og publikum.
–Tusen takk! Veldig stolt. Eg er meir enn stolt. Det er utruleg inspirerande å få prisen, sa Hjelmeland frå scenen.
Han er dermed årets artist i Sogn og Fjordane, stemt fram av ein fagjury og ein folkejury der folk kunne stemme på dei nominerte. Premien er 25000 kroner frå Sparebanken Vest og eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim.
- SJÅ OG HØYR: Konserten live i nett-tv her eller på radio på P1
- Les meir:
- Les også:
Lang og innhaldsrik karriere
Good Time Charlie har vore nominert ei rekkje gonger, og endeleg er prisen deira, etter ei lang og innhaldsrik karriere. Dei får prisen både for bidraget til rythm- and blues-sjangeren og for at dei har greidd å fornye seg ved å gje ut barnemusikk på nynorsk dei siste åra.
– Prisen er utruleg viktig for lokale musikarar, gamle som unge. Den er inspirerande, seier Arle Hjelmeland, som i fjor såg dottera få same pris.
Good Time Charlie har vore ei føregangsgruppe for rythm and blues-sjangeren i Norge. Hjelmeland starta bandet i 1983, og har sidan den gongen gitt ut ei rekkje album.
- Davy Crockett/Come on (1988)
- Coming Down with the Blues (1995)
- Oochie Coochie (1999)
- It´s Alright (2005)
- Mojo Energy (2008)
- Garage A Go-Go (2011)
- Buldreblues og Blåsus (2013)
Arle Hjelmeland er den einaste som har vore med sidan oppstarten. På dei 32 åra har bandet hatt ei rekkje medlemmar. I 2008 var Good Time Charlie nominert Spellemannsprisen.
Sjå alle bileta frå Julelutt:
Barnemusikk og barne-TV
Dei siste åra har gruppa også laga musikk for born,
I oktober gav dei ut si andre barneplate med tittelen Jubel og Skrubbsår. Platemeldar Finn-Ulrik Berntsen i NRK P1 var imponert både av låtar og tekst, og trilla terningkast fem for plata. Good Time Charlie har også turnert for ungar med musikken sin til stor suksess.
Arle Hjelmeland hadde ei rolle i NRK Sogn og Fjordane sin Barne-TV-serie om Gaute og Gullit.
Hjelmeland har overteke fleire forretningseigedomar i Førde etter faren Andreas Hjelmeland, og bygde i 2000 den særprega restauranten ”Pikant” ved Langebrutorget.