Hopp til innhold

Her blei bilen tatt av snøskredet

Her står bilen klemd fast etter at den blei treft av snøskred over Vikafjellet i Sogn og Fjordane sundag. – Eg har vore borti verre, seier sjåføren.

DRAMATISKE BILETE: På Vikafjellet blei Olav Vikøren vitne til eit snøskred som rasa rett inn i kolonnen hans.

Klokka var rundt 17, og Vikafjellet hadde vore stengt større delar av dagen. Olav Vikøren såg meldinga om at det skulle opnast for kolonnekøyring og såg sin sjanse til å kome over fjellet.

– Eg vart med i kolonnen saman med fem andre bilar, pluss ein brøytebil framme og ein følgjebil bak, seier han.

Det gjekk fint så lenge dei var oppe på fjellet, men så kom dei ned til Ygnisdalen, som Olav Vikøren kallar den mest rasutsette plassen på Vikafjellet i denne typen vêr.

– Der kom det eit flakras, og det har kome ras der tidlegare òg, seier han.

– Eg har vore borti verre

Snømengdene var ikkje blant det verste han har sett, men det var dramatisk nok:

– Det var nok til at den eine bilen vart løfta opp og pressa inn mot rekkverket. Bilen bak klarte heller ikkje stoppe tidsnok og køyrde inn i raset.

Vikøren var i bilen som kom rett bak dei to første, men klarte å unngå kollisjon. Ingen personar vart skadde, og omfanget av materielle skadar er lite, opplyser han. Etter ei tid med snømåking var bilane frie til å køyre vidare.

– Eg opplevde det ikkje som særleg dramatisk fordi eg er van med dette. Eg køyrer over Vikafjellet kvar helg, sommar som vinter. Men dei som ikkje er så vane hadde nok opplevd dette som dramatisk, seier han og held fram:

– Og det hadde eg også om eg sat i bilen som vart løfta opp.

Der sat i staden Jon Risløv. Ikkje heller for han var dette så dramatisk som det ser ut på bileta.

– Eg har vore borti verre. Eg har køyrt over fjellet i alle år, og eg har blitt van med dette, seier han.

Han fortel at mannskap var på plass kjapt for å hjelpe til med å få bilen laus.

– Det var jo kolonnekøyring, så det fanst bra med folk til å hjelpe, seier han.

Rassikring på mindre stader

NRK har skrive om dei 3,7 milliardar kronene som staten skal bruke på å rassikre vegar til ti småbygder. Olav Vikøren meiner hendinga på Vikafjellet i dag bør reknast med i dette biletet.

– Dette viser at rassikring er viktig på Vestlandet, uansett om bygdene er små eller store, seier han.

– Spesielt kjem Vikafjellet til å få ei viktig rolle no når Vestland fylke blir etablert.

Ved Vegtrafikksentralen hadde dei ikkje høyrt om snøskredet då NRK ringde i kveld. Uvêret som var venta i helga er på veg vekk, og rundt 19.30 vart det opna for normal trafikk att.

– Det er fint og roleg over Vikafjellet no, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille.

Snøskred rasa i kolonne på Vikafjellet, desember 2018

RASUTSETT PLASS: Olav Vikøren håpar dette kan vere med å løfte debatten om rassikker veg over Vikafjellet.

Foto: Olav Vikøren