Hopp til innhold

Her har ein høvding lege død i over 1000 år – no skal grava hans opnast

LÆRDAL (NRK) Kva kan Hovlandshaugen skjule? Forskarane vågar knapt å drøyme om kva skattar dei kan finne når den over 1000 år gamle vikinggrava skal opnast.

Kåre Hovland

STÅR PÅ GRAVA: Ein av grunneigarane, Kåre Hovland, står over gravkammeret på Hovlandshaugen der ein mannsperson vart hauglagd rundt år 950. Haugen er ein av to gravhaugar som skal opnast på Hovland/Eggjo i Lærdal.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Riksantikvaren har gjeve løyve til at to gravhaugar frå vikingtida kan opnast på Borgund i Lærdal.

Haugane ligg 20 meter frå kvarandre på gardane Hovland og Eggjo og er skada. Det er årsaka til at Riksantikvaren vil grave dei ut i samband med eit feltkurs for masterstudentar i arkeologi som Universitetet i Bergen flyttar til Lærdal.

Mellom anna brydde ikkje vegarbeidarane seg om Hovlandshaugen då Kongevegen over Filefjell vart bygd i 1790-åra. Kongevegen vart bygd gjennom haugen.

I tillegg skadde Kåre Hovland sin far utkanten av haugen då han bygde ny skogsveg i 1950-åra.

– Han visste ikkje at det var ein gravhaug. Under bulldosaren kom det fram eit sverd som målte 80 centimeter. Det vart datert til om lag år 950, fortel Hovland.

Kåre Hovland

HER ER SVERDET: Kåre Hovland fekk sjå att vikingsverdet på museet i Bergen i fjor, over 60 år etter at faren fann det i Hovlandshaugen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Same slekta

Dei to haugane ligg på eit utsiktspunkt høgt heva i terrenget. Sidan Kongevegen ligg kloss inntil, tyder mykje på at allfarvegen aust-vest alltid har gått her.

Professor i mellomalderarkeologi, Sæbjørg Walaker Nordeide, seier dei vil sjå på gravene til hausten, men at hovudarbeidet kan skje neste år.

– Vi skal grave ut haugane, dokumentere det som er inni og kanskje rekonstruere dei etterpå. I forbindelse med feltstudiet får vi gjort noko som det elles ikkje er pengar til, seier professoren.

– Kva forventar de å finne i haugane?

Sæbjørg Walaker Nordeide

SKAL OPNE GRAVA: Professor Sæbjørg Walaker Nordeide.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Sidan det er funne eit sverd i eine haugen tidlegare, er det ofte meir der, som til dømes eit fullt våpensett.

– Kan det vere ein høvding?

– Grava inneheld mest truleg ein mannsperson. Røysene er monumentale. Dei gravlagde har høgst sannsynleg rådd over eigedommen sjølv. Altså høyrt til det øvre klassesjiktet.

Professoren trur gravene har ein samanheng.

– Vi ser ofte at ei slekt har hatt same gravfelt. Dei «viktigaste» personane har blitt hauglagd, så kan det vere flatmarksgraver i mellom. Men dei som ligg i haugane, treng ikkje vere av same generasjon, seier Walaker Nordeide.

Gravhaug på Eggjo i Lærdal

EGGJO: Dette er den andre vikinghaugen som skal opnast på Eggjo i Borgund. Haugane er 10–15 meter lange og 7–8 meter breie.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Eineståande

Rådgjevar Glenn Heine Orkelbog i kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune seier det er sjeldan at gravhaugar blir opna.

– Dei færraste gravene har lenger gravmateriale, og arbeidet får primært eit undervisingspreg. Men feltkurset vil setje dei mange og varierte kulturminna i Lærdal i rett søkjelys, seier Orkelbog.

Kåre Hovland er entusiastisk over at gravene han har budd ved i 70 år, no skal avristast sine løyndomar.

– Vi har drøymt om at haugane ein dag skulle gravast ut og at vi skulle få sjå kva som er inni. Dette ser eg i høgste grad fram til, seier Hovland.