Hopp til innhold

Universitetet flyttar arkeologistudie til Sogn

Universitetet i Bergen har vedteke å flytte feltdelen av arkeologistudiet for masterstudentar til Lærdal. Grunnen er dei mange rike funna som er gjort i dalføret.

Dr. Prof. Sæbjørg Walaker Nordeide

TIL LÆRDAL: Professor i mellomalderarkeologi ved Universitetet i Bergen, Sæbjørg Walaker Nordeide, seier forsking siste 10–15 åra har påvist mange viktige funn frå alle tidsperiodane i lærdalsdalføret.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Riksantikvaren har godteke at masterstudentane skal studere kulturminne i Lærdal i 2017 og 2018, men opnar for at studentane kan bli verande i fleire år.

Dermed kan mykje arkeologisk forsking bli retta mot Sogn dei neste åra, dersom studentane vel å bruke Lærdal i masteroppgåvene sine, og slik sikre grunnlagsmateriale.

– Sogn er eit viktig element i den norske geografien. Her ligg Lærdal som ei viktig kommunikasjonsåre mellom Austlandet og Vestlandet, som har ført marine ressursar austover og innlandsressursar vestover, seier professor i mellomalderarkeologi ved Universitetet i Bergen, Sæbjørg Walaker Nordeide.

Lærdal er rikt

Ho seier Lærdal er rik på mange ulike typar kulturminne, slik at studentane vil få eit variert innblikk i historia.

– Det er gjort viktige funn frå alle tidsperiodane i Lærdal. Dei siste 10–15 åra har vi hatt stamvegprosjektet i store deler av dalen og som har påvist mykje. Men alt på midten av 1800-talet vart det gjort viktige funn nedst i dalen, seier Walaker Nordeide.

Ho meiner den gamle handelsstaden Lærdalsøyri er blitt lite forska på. Og minner om stavkyrkja på Borgund og det sensasjonelle Bjørkum-funnet frå vikingtid som har fått internasjonal merksemd.

I tillegg er det blitt gjort andre oppsiktsvekkande funn, som den 3500 år gamle bronseproduksjonsstaden på Spangelo, og det store langhuset frå før vikingtida på Fosseteigen.

Funn av gamal søppeldynge frå romartida i Lærdal

RIKE FUNN: Sommaren 2016 grov arkeologane fram ei søppeldynge frå romartida på garden Nedrehegg i Lærdal.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Haustarbeid

Studentane kjem i slutten av august og blir i tre veker kvart år. I tillegg vil eventuelle masteroppgåver gjere at studentane vil bruke mykje av studietida si i området.

– Studentane skal mellom anna lære å registrere kulturminne. Lærdal ligg så langt aust i landet at dalen gjev maksimalt utslag av kor mykje landet har heva seg etter istida. Kor langt nede i dalen kan vi til dømes finne steinalder?

– Og Lærdalsøyri har truleg alltid vore ein ladestad, men hamneforholda har endra seg. Vi vil registrere kvar strandlina har gått i dei ulike tidsepokane, seier Walaker Nordeide.

Ho ser fram til å jobbe i Lærdal.

– Vi har fått ei veldig positiv og entusiastisk mottaking. Det betyr mykje for oss at vi har støtte lokalt, seier professoren.

Glad konservator

Fylkeskonservator Eva Moberg jublar over nyhendet frå Bergen.

Eva Moberg

GLAD: Fylkeskonservator Eva Moberg. Her er ho fotografert ved ei smedgrav i Sogndal i 2014.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Lærdal ligg veldig sentralt aust-vest og i sambandet mellom fjell og kyst, så informasjonen vi kan få frå Lærdal, vil bety mykje for heile fylket, seier Moberg.

Ho seier studentane vil finne ut om steinmurane ved Borgund stavkyrkje er ein gamal bygdeborg.

– Og vi veit at Lærdalsøyri som marknadsplass går tilbake til 1500-talet. Men historia om Øyri er eldre, og det har vi no høve til å få vite meir om, seier Moberg.