Her flyt bæsj og tampongar ut på gangvegen

Avføring, tampongar og toalettpapir var synet som møtte folk langs den mykje brukte gang- og sykkelvegen i Sogndal.

Tampong på gangvegen i Sogndal

TAMPONG-TRØBBEL: Mykje nedbør fører til at kloakk-avfall flyt opp i gangvegen i Sogndal sentrum.

Foto: Arne Glenn Flåten

Dei store nedbørsmengdene har skapt utfordringar for kommunen, som torsdag var ute for å spyle opp det tette avløpsrøyret.

– Det var litt av eit griseri. Eg hadde ikkje venta å sjå avføring komme opp av kumlokket, det var ekkelt, fortel Arne Glenn Flåten, om synet som møtte på stien mellom sentrum og Loftesnesbrua.

Kloakk i Sogndal sentrum

TETTE RØYR: Etter dagar med kraftig nedbør byrja avføring, tampongar og dopapir flyte opp av kumlokket i Sogndal.

Foto: Arne Glenn Flåten

Planlagt reparasjon

Kristian Karlsen er tenesteleiar i teknisk drift i Sogndal kommune. Han seier dei er kjende med utfordringane.

– Det har vore eit problem i det siste at ein overløpsleidninga har tetta seg. Me reparerte det for nokre månader sidan, men problemet kom dessverre attende, seier han til NRK.

Han fortel at det at overløpsleidninga er open er ei midlertidig løysing.

– Me vil separere overvatn og avløp lenger oppe i det aktuelle feltet i løpet av 2020. Då vil me legge ned cirka 70 meter med ny overløpsleidninga i Navarsetevegen.

– Kan problemet medføre at det kjem kloakk direkte i fjorden?

– Om det går i overløp så går både overvatn og kloakk i fjorden, i staden for slamavskiljaren litt lenger borte.

Kloakk (tampong) på gangvegen i Sogndal

TAMPONG: Vandrande og syklande i Sogndal tykkjer lite om å finne brukte tampongar og avføring langs gangvegen.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Krev snarleg utgreiing

Flåten meiner utfordringa rundt avløpet må sjåast i ein større samanheng enn den planlagde utbetringa.

– Nødreparasjonar kan sjølvsagt gjerast, men me må få ei skikkeleg ordning på det. Me må krevje ei utgreiing, slik at det blir lagt inn i budsjettet og gjort noko med.

– Me kan ikkje berre akseptere at det er slik når det er mykje nedbør eller «av og til». Nedsida av vegen blir mykje nytta til bading og det er ingen god situasjon.

Han har snakka med fleire som seier at dei jamleg ser avføring og toalettpapir – også i fjorden.

– Det viser seg at kapasiteten på reinseanlegget er for dårleg og at ein del av kloakken ikkje er kopla inn på reinseanlegget i det heile tatt.

Fryktar for fjorden

I ein e-post til kommunen i mai 2019, som blei omtalt av Sogn Avis, stilte Flåten spørsmålet «Badar sogndølar i kloakk?».

Han mistenkte då at oppblomstringa av grønske i Fjørebukti skuldast gylle eller kloakkutslepp.

– Med så mange innbyggjarar det har blitt i Sogndal dei siste åra blir påkjenninga desto større på det eksisterande kloakkanlegget.Ein må dessutan sjå på kor mykje kloakk fjorden toler. Ein ting er kva som skjer på overflata, noko anna er korleis livet på botn av fjorden no ser ut.