Hopp til innhold

Fekk meldinga dei håpa på: Bioforsk får leve

FURENESET (NRK): Vestlandsbøndene mister likevel ikkje sin viktige rådgjevar i forskingsstasjonen på Fureneset i Fjaler.

Samson Øpstad og Frida Melvær

GLEDE: Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) overrekte blomar til avdelingsleiar Samson Øpstad etter at det vart klart at Bioforsk får halde fram i Fjaler.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det vart klart då stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) i dag vitja forskingsstasjonen.

Seinast i førre veke møtte mellom 50 og 60 personar opp då Senterpartiet i Fjaler markerte sin motstand mot styrevedtaket i Bioforsk.

– Av omsyn til vestlandsjordbruket sitt behov for kunnskap, meiner departementet det er viktig å vidareføre aktivitet ved Furuneset, men å redusere omfanget på noko, skriv departementet i ei pressemelding.

Stor motstand

Bioforsk Vest Fureneset

FÅR LEVE: Bioforsk Vest Fureneset var nedleggingstruga, men regjeringa høyrer på sterke krefter og lar forskingstasjonen få leve.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Styret i Bioforsk tilrådde å leggje ned forsøksgarden og å flytte all aktivitet til Jæren og Trøndelag. I tillegg gjekk styret inn for å leggje ned forskingsstasjonane på Holt og Løken.

Men motstanden har vore stor på Vestlandet. Bioforsk har i 76 år vore ein viktig rådgjevar for bøndene på Vestlandet.

– Vi treng forskingsstasjonar som tek utgangspunkt i dei stadeigne føresetnadane vi har for å drive landbruk på vestlandet, sa Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Møtte statsråden

I midten av april møtte representantar frå regjeringspartia landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) i eit siste forsøk på å stogge nedlegginga.

Dei fekk ingen lovnader då, men i dag fekk forskingsstasjonen forlenga liv. Administrerande direktør i Bioforsk, Harald Lossius, orienterte dei tilsette og politikarar gjennom ein videokonferanse.

Politikarar og tilsette ved Bioforsk får framtidsdomen

GLADMELDING: Her får politikarar og tilsette ved Bioforsk i Fjaler gladmeldinga dei har venta lenge på.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Furenes et var einaste av dei føreslåtte kontora som fekk halde fram, om enn med noko redusert bemanning.

– Det var vel det beste ein kunne få til, seier ein glad, men nøktern, dagleg leiar i Fjaler, Samson Øpstad.

Direktøren orienterte

I pressemeldinga frå departementet skriv dei at rekrutteringa av forskarar er krevjande ved forskingsstasjonen med 11 tilsette.

Leiar ved Bioforsk får videohelsing

FØLGDE: Dagleg leiar Samson Øpstad følgde spent med på det administrerande direktør i Bioforsk, Harald Lossius, hadde å komme med.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– På noko sikt er det aktuelt å vurdere organisering og bemanning innanfor NIBIOs totale verksemd, skriv departementet.

Under orienteringa deltok i tillegg til Lødemel og Frank Willy Djuvik (Frp) frå regjeringa, samt representantar frå samarbeidspartia Venstre og KrF.

– Eg har prata med leiinga i landbruksdepartementet fleire gonger i dag. Bodskapen frå statsråden er at i Fjaler skal forskinga, aktiviteten og lokaliteten bli vidareført. Det kan ikkje styret endre på, seier Djuvik.

Kamp til det siste

Gunnhild Berge Stang (V) er letta over avgjerda. Arbeidet med å oppretthalde forskingsstasjonane har vore ei viktig sak for partiet. Ho seier det har vore forhandlingar til det siste.

– Kombinasjon av dei gode argumetna og forhandlingar. Skal ein ha gjennomslag for noko, så får ein ikkje gjennomslag for noko anna. For Venstre sin del skulle vi helst sett at fleire forskingstasjonar vart oppretthaldne, seier ho.

– Kva betyr det å få behalde forskingsstasjonen på Fureneset?

– Det betyr enormt mykje. Ein ting er arbeidsplassane, men vi har ambisjonar for vestnorsk jordbruk og då er forskingstasjonar som er lokalisert i det vestnorske jordbruket avgjerande.