Hopp til innhold

Her slår dei ring om Bioforsk

Mellom 50 og 60 personar møtte opp då Senterpartiet i Fjaler hadde si markering mot nedlegging av forskingsstasjonen på Fureneset.

Slår ring om Bioforsk

RING: Dei frammøtte stilte seg opp rundt Bioforsk sin bygning på Fureneset og slo fysisk ring om forskingsstasjonen.

Foto: Ole Jakob Nedrebø

Kjetil Felde / jenny Følling

APPELL: Ordførarkandidat i Fjaler, Kjetil Felde (Sp) heldt appell. Det gjorde også Jenny Følling som hadde ein av sine første jobbar på forskingsstasjonen på Fureneset.

Foto: Ole Jakob Nedrebø

– Dei som møtte opp slo faktisk fysisk ring om huset her, seier Senterpartiet sin ordførarkandidat i Fjaler, Kjetil Felde. Markeringa i dag var også årets start på valkampen for partiet i Fjaler.

Om ei veke eller to vil avgjerda om Bioforsk på Fureneset si framtid bli teken i landbruksdepartementet. Styret i Bioforsk har gått inn for å legge ned forskingsstasjonen i Fjaler, og forskingsstasjonane på Holt og Løken.

– Med appellar, kaffi, kjeks og omvising var det god stemning på Fureneset i dag, sjølv om årsaka til at vi var der ikkje er fullt så bra, seier Felde.

Opp mot 60 personar møtte opp for å vise si støtte til Bioforsk på Fureneset laurdag ettermiddag.

Viktig for matproduksjonen i distriktet

– Det er kjekt at så mange var på plass. Dagens markering handlar om kjerneverdiane som Senterpartiet står for, ikkje berre arbeidsplassar, seier Felde.

I tillegg til Felde heldt fylkesordførarkandidat Jenny Følling, samt Synnøve Rivedal og Liv Østrem frå Bioforsk Fureneset appellar under markeringa.

Appellantane prata om kor viktige kompetansearbeidsplassar er for Bygde-Norge, om fokus på utviklinga av norsk landbruk og matproduksjon, og om å ha levande bygder i landet.

– Vil vi ha mat som kjem frå våre område i butikkane, så må vi ha forskarar her, seier Felde.

Slår ring om Bioforsk
Foto: Ole Jakob Nedrebø

– Treng forsking i vårt miljø

Liv Østrem bioforsk

KLAR TALE: Liv Østrem frå Bioforsk var ein av dei som heldt appell utanfor forskingsstasjonen.

Foto: Ole Jakob Nedrebø

Forskarane fekk forklart dei frammøtte om korleis dei jobba for å få fram best mogleg produkt. Felde seier det vert ikkje det same om ein flyttar forskingsmiljøet.

– Det er andre forhold her enn til dømes på Jæren. Difor er det viktig å ha forsking i vårt miljø også, seier han.

Han trur også det er viktig for nærområdet å ha tilgang til denne typen arbeidsplassar. Eit variert arbeidsmiljø må til for å skape vekst, meiner han.

– Eg trur og håpar at denne markeringa har ein effekt, og at fleire som møtte opp fekk nyttig informasjon om kva som går føre seg på forskingsstasjonen og kvifor det er viktig at den ligg der den ligg, seier han.