– Høgre og Framstegspartiet får møte landbruksminister Sylvi Listhaug førstkomande onsdag morgon, og vi får då høve til å legge fram vårt syn i saka, seier Frank Willy Djuvik, som er fylkestingsrepresentant for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane.
Torsdag vart det kjent at interimsstyret for NIBIO, Norsk institutt for bioøkonomi rår departementet til å legge ned forskingsstasjonane på Fureneset i Fjaler og Løken i Valdres.
- Les også:
- Les også:
I mars gjekk også styret i Bioforsk inn for å leggje ned Fureneset, samt forskingsstasjonane på Holt og Løken.
Vil stogge planane
NIBIO er ei samanslutning av tre ulike forskingsinstitutt som no skal gå saman til ein. For å få dette til foreslår altså interimsstyret å legge ned stasjonane på Fureneset og Løken, men Høgre og Frp vil stoppe planane, seier Djuvik.
– Vi ynskjer å vidareføre forskingsstasjonen på Fureneset fordi dei bidreg med forskingsarbeid som er viktig for landbruket og utviklinga av landbruket på Vestlandet, og er eit signal som vi ynskjer å gi direkte til statsråden.
For i siste instans er dette ei avgjerd som skal takast av statsråden.
– Så vi har gitt beskjed til departementet om at vi er nøydde til å møte dei snarast råd no etter at interimsstyret har fatta si avgjerd, men før departementet tar si avgjerd.
Står saman
– I dei diskusjonane vi har hatt i forkant no så er Høgre og Framstegspartiet samde om haldninga frå Sogn og Fjordane si side, og den ynskjer vi å legge fram for statsråden, seier Djuvik.
Kor stor vurderer du sjansen for å nå fram?
– Det er veldig vanskeleg å seie, dette er jo ei sak som statsråden i utgangspunktet ikkje har vore borte i, før innstillinga no kjem. No skal vi sette oss inn i vedtaket frå interimsstyret før vi møter statsråden, og så får vi kome attende til kva vi trur etter at vi har snakka med statsråden.