Hopp til innhold

Her er skaden som set seriestarten i fare

SOGNDAL (NRK): Mahatma Otoo hinka av bana med det som kunne sjå ut som ein skade på baksida av låret. No kan seriestarten ryke for spissen.

Mahatma Otoo ligg nede med skade

NEDE FOR TELJING: Mahatma Otoo måtte gå av bana med ein skade i treningskampen mot Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Han fekk seg ein trøkk i hamstringen. Det lovar ikkje så bra for dei neste vekene, seier Eirik Bakke.

Trenaren fekk sjå spissen score Sogndal sitt første mål mot Førde, før han ikkje lenge etter hinka ut av bana medan han heldt seg til baksida av låret.

Ute på sidelinja fekk han tilsyn av medisinsk leiar Yngve Myhre. No er trenaren redd for at seriestarten går fløyten for spissjuvelen.

– Han har akkurat vore ute i tre veker, men såg pigg ut – og så får han denne i tillegg. No spøkjer det nok for seriestarten, seier Bakke.

– Kva tenkjer du då?

– Vi har andre som kan spele. No må vi berre få han frisk. Men det er kjedeleg for Mahatma, for han har aldri fått ei skikkeleg oppkøyring med oss. Det er veldig skuffande, seier Bakke.

Det er berre nokre veker sidan det vart klart at Victor Grodås mister halve sesongen . Sogndal henta då raskt inn Jukka Raitala som erstattar for forsvarsspelaren.