Hopp til innhold

Her enda toppturen for svenske Jan

Det som skulle bli ein flott skitur i Hurrungane, enda i ei sjukehusseng i Førde.

Jan Evertsson

TAKKSAM: Svenske Jan Evertsson takkar alle som var med på å berge han ned frå fjellet, og for god pleie ved sjukehuset.

Foto: Privat

Den erfarne skigåaren Jan Evertsson frå Skene utanfor Gøteborg, var på ferie i Luster før helga. Saman med to kompisar skulle han til Dyrhaugstind (2147 moh.) i Luster.

Jan Evertsson

SKIGLAD: Jan Evertsson er ein erfaren skigåar. Fredag gjekk det gale.

Foto: Privat

– Fredag gjekk vi opp til toppen, med pudder og flott føre. Men på veg nedover då vi kom til om lag 1800 meter over havet, så hang den eine skia seg plutseleg fast i snøen. Bindingen løyste seg ikkje ut, og beinet blei vridd. Eg kjende at beinet gjekk tvert av, fortel 45-åringen.

Dei to kameratane hadde kome 200 meter lengre ned då uhellet skjedde.

– Dei tok på seg fellene att og kom oppover igjen. Samstundes kom det to karar vi hadde møtt på toppen. Ein av dei er lege, så det var flaks.

Medan dei venta på helikopteret, byrja han å fryse i snøen. Takka vere god hjelp på staden, fekk han filt og klede både under og over seg. Og etter kvart kom også ein patrulje med sjåfør og sjukepleiar frå Røde Kors Hjelpekorps i Luster.

– Eg var imponert over at dei kom seg opp dit med snøscooter, for det er veldig bratt. Dei hadde dessverre ikkje smertestillande, men utstyr som legen kunne spjelke beinet mitt med. Dei hadde også ein duk dei kunne bere meg ned til helikopteret på.

Skadd i ulukke på Dyrhaugsryggen

VENTAR PÅ HJELP: Evertsson ligg under den gull-filten for å halde på varmen.

Foto: Privat

Har fått ny klatrescooter

Klatrescooteren til Røde Kors Luster Hjelpekorps

NY SCOOTER: Klatrescooteren gjer det lettare å hjelpe folk i bratt terreng.

Foto: Ove Fortun

Leiar Ove Fortun i hjelpekorpset seier dei kan takke ein nyinnkjøpt klatrescooter og ein kompetent sjåfør for at dei klarte oppdraget.

– Det er eit krevjande terreng i Hurrungane. Difor har vi kjøpt inn ein spesialscooter. Det er ein smalbelta scooter med store kammar som gjer at han dreg seg godt oppover i bratte bakkar. Denne scooteren er unik, fortel han.

Fortun trur at dette er er noko dei vil satse meir på i framtida.

– Når vi ser kor folk køyrer på ski, må vi sjå på utstyret vi har også. For toppturar har teke heilt av. Vi ser at mange turgåarane har kontroll på det dei driv på, men uhell kan likevel skje.

Fjella i Hurrungane er veldig populære og Fortun seier dei har god beredskap. I 2016 hadde dei 24 oppdrag i området. Denne sesongen har det vore litt rolegare.

– I snitt ligg vi på mellom 10 og 15 oppdrag i året.

Håper å få komme heim snart

For Jan Evertsson blei det bråstopp i den flotte naturen i Luster, og han blei ein av dei uheldige som måtte få hjelp. 45-åringen ligg framleis i ei sjukeseng ved Førde sentralsjukehus.

– Det er eit komplisert brot i leggen som må opererast. Legane her vil at det skal bli gjort i Sverige. Det byrjar å bli på tide å komme heim. Eg skulle reise i går, men då blei ambulanseflyet innstilt på grunn av dårleg ver. No veit eg ikkje når det blir.

Trass i eit litt uheldig opphald i Norge, kjem han tilbake.

– Eg har gode vener i Luster, og eg vil tilbake. Eg ønskjer jo å komme meg ned frå fjellet sjølv. Eg har jo berre gått der oppover, ler han.

Ambulansehelikopter på Dyrhaugsryggen

KLARTE Å LANDE: Det klarna opp og helikopteret fann ein stad å lande ved hjelp av legen på staden og hjelpekorpset. Evertsson måtte berast 200 meter ned til helikopteret.

Foto: Privat