Hopp til innhold

Mann fall gjennom snøskavl – alvorleg skadd

Ein mann i 50-åra er alvorleg skadd etter at han fall gjennom ein snøskavl og ned ein skrent på fjellet Steindalsnosi i Jotunheimen i ettermiddag.

Steindalsnosi

STEINDALSNOSI: Mannen var med i eit utanlandsk turfølgje då ulykka skjedde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Politiet fekk melding om ulukka klokka 1239. Mannen var del av eit utanlandsk turfølgje på totalt seks personar.

– Han har truleg gått litt for langt utpå ein skavl og trilla ganske langt ned ein skrent. Det var snakk om kanskje 100 meter, seier operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt.

Det var ein i turfølgjet som melde frå om ulukka.

– Hell i uhellet var at eit redningshelikopter var på øving i same området, så det var på plass etter ti minuttar. Dei heisa opp den skadde og gjekk til Haukeland, seier Geitle.

Fjellet Steindalsnosi ligg ved Fannaråki og den høgste toppen er over 2000 meter over havet.

– Området ligg eit par tusen meter over havet, og eit stykke frå veg. Det ville tatt betydeleg lengre tid å fått folk på bakken fram for å hjelpe, seier Geitle.

Fannaråki fjell Luster