NRK Meny
Normal

Her avdukar dronning Sonja sitt eige kunstverk

SANDANE (NRK): Dronning Sonja avduka i dag sitt eige kunstverk som ei gåve til elevar og lærarar på skulen som no får dronninga sin pris.

Elevrådsleiar Hanne Hjartholm med diplom, rektor Hallgeir Hansen avduker kunstverk av Dronninga ilag

I kulden på Sandane kom dronning Sonja med varme tankar og Dronning Sonjas skolepris til den tradisjonsrike Firda vidaregåande skule på Sandane i Nordfjord.

Ein pris som blir gitt til ein skule som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering.

Vinnarskulen får 250 000 kroner, eit diplom og ikkje minst eit kunstverk laga av dronninga sjølv. No i ettermiddag avduka ho kunstverket til stor jubel frå ungdomane og lærarane på skulen.

– Gjennomtenkt

Juryen var samrøystes om at Frida vidaregåande skule på Sandane er vinnar av Dronning Sonjas skulepris for likeverd og inkludering 2017.

– Firda vidaregåande skule skil seg ut med ei gjennomtenkt tilnærming til inkludering og relasjonsbygging gjennom sitt langvarige arbeid for å sjå heilskapen rundt elevane, fortalde juryleiar og direktør ved Norsk senter for menneskerettar, Inga Bostad, i ei pressemelding frå Udanningsdirektoratet.

– Eg er veldig glad og stolt for at den prisen kom hit til Firda. Det er utruleg flott med måten dei har lagt opp til at våre nye landsmenn får ta utdanning på. Det er eit døme fleire skular i landet bør ta etter, seier dronning Sonja.


  

Meir enn ein skule

Juryen hadde merka seg slagordet «Meir enn ein skule», og meiner at Firda ser kvardagen til elevane i ein større samanheng, og at dei arbeider for dialog som grunnleggande verdi.

Tysdag kom Dronning Sonja for å dele ut prisen, og vart teken imot av Elev Håkon Fjellstad, som delte ut dei tradisjonelle blomane då dronninga kom.

Hennar Majestet Dronning Sonja tok sjølv initiativet til skuleprisen for inkludering og likeverd i 2005. Prisen vart første gong delt ut i 2006.