Hopp til innhold

Helsefagutdanning kan gi betre integrering

SANDANE (NRK): Helsefagutdanning for flyktningar kan vera viktig for integrering i kommunane. I Gloppen er dei svært nøgde med tiltaket.

Helsefagutdanning for flyktningar kan vera viktig for integrering i kommunane. I Gloppen i Sogn og Fjordane er dei svært nøgde med tiltaket - men NAV meiner eit stivbeint regelverk er ein bremsekloss...

– Det er kjekt å jobbe med eldre folk, og å hjelpe folk, seier, Biniam Kidane frå Eritrea, medan han serverer frukt til nokre av dei eldre bebuarane på omsorgssenteret i Gloppen.

– Eg tykkjer han er flink, han har hjelpt meg mykje seier Brita Skinlo, ei av bebuarane, og stryk Kidane over armen.

Snart ferdig utdanna

Dei siste åra har 40-åringen frå Eritrea hatt ein spesielt tilpassa praksis blant dei eldre på Gloppen omsorgssenter. Til sommaren er han ferdig utdanna helsefagarbeidar. Det har vore viktig for å bli kjent med nordmenn meiner Kidane.

– Korleis skal ein bli integrert om ein ikkje blir ein del av samfunnet? Det går ikkje å berre sitte heime, ein må møte og snakke med folk, seier Kidane.

Fleire ynskjer å prøve

Tore Thorsnes

VIL HA MEIR FLEKSIBELT REGELVERK: Tore Thorsnes er direktør i NAV Sogn og Fjordane.

Foto: NAV

No ønsker fleire kommunar å få til ei slik utdanning for flyktningar. Tore Thorsnes, som er leiar for NAV i Sogn og Fjordane meiner erfaringane frå Gloppen har vore ein suksess, men meiner at regelverket gjer det for vanskeleg

– Vi såg at dette kom til å bli vanskeleg å få til, og difor har vi meldt tilbake til direktoratet og departementet behovet for eit meir fleksibelt regelverk i forhold til å hjelpe til med finansieringa av denne typen tiltak, seier Thorsnes.

Nye tiltak frå årsskifte

Sveinung Rotevatn. Trær i bakgrunnen

SJÅ TIL GLOPPEN: Sveinung Rotevatn er Stortingsrepresentant for Venstre.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Regjeringa bør no lære av det veldig gode eksempelet vi har frå Gloppen, der ein har klart å få folk gjennom eit utdanningsløp og ut i jobb. Og legge til rette for at ein også kan nytte seg av denne fleksibiliteten andre stader, seier Sveinung Rotevatn, som er Stortingsrepresentant for Venstre.

Arbeids- og sosialdepartementet skal no vurdere saka. Frå årsskiftet kjem eit nytt tiltak som skal hjelpe fleire ut i arbeid.

Tilbake i Gloppen ser den snart ferdig utdanna helsefagarbeidaren for seg ei framtid i Norge.

– Eg skal søke på jobb i Gloppen. Får eg jobb så blir eg her, seier Kidane.