Hopp til innhold

Helse Førde ynskjer god jul på nevrologisk vis

Ein gjeng kreative tilsette ved Helse Førde håper på ny suksess med enda ein musikkvideo frå sjukehuset.

PÅ YouTube: Denne videoen blei lansert kl. 20 fredag 13. desember. No håper avdelinga at han blir ein suksess.

– Eg har ei god kjensle av dette blir ein knallfilm, seier seksjonsleiar Irene Hjorthol ved sengeposten til nevrologisk avdeling.

Det er Hjorthol som har teke initiativ til musikkvideoen. Ideen fekk ho allereie på nyåret.

– Eg tenkte at det hadde vore kjekt å gjere noko på avdelinga. Det er ein del kreative sjeler hos oss, og så låg denne ideen og ruga litt.

For vi kan gi deg trombolyse - på kva tid statistikken vil vise - om vi får jobbe fort i lag - får du færre plager etter hjerneslag.

Frå musikkvideoen

Tidleg i haust byrja dei å meir konkret å jobbe med ideen. Mange har bidrege, mellom anna sjukepleiar Grethe Iren Vik som har skrive teksten. Avdelinga jobbar med sjukdommar i sentralnervesystemet og hovudet, og videoen viser både humør og alvor.

– Det har vore veldig kjekt å lage ein tekst som passar. Og arbeidet med dette har styrka samhaldet på avdelinga endå meir, seier Vik.

Songen blei spelt inn med mange av dei tilsette i eit studio i Florø. Deretter var det klart for sjølve filminga. Hjorthol fortel om to hektiske dagar med innspeling på ei travel sengepostavdeling.

– Det var ikkje berre berre, og det måtte gjerast innimellom det andre vi skal gjere.

Filmen har vore ferdig ei veke, og hadde premiere på julebordet til avdelinga fredag kveld.

– Alle blei veldig begeistra, og vi ser den om att og om att. Og på Facebook har det hagla med kommentarar. Ei har skrive at blir ho sjuk, så vil ho liggje i Førde. Ein anna skriv at det er kjekt å få humor inn i det profesjonelle.

Dei seie vi skal tenke på kvarandre. Og kjem du til oss så tenkjer vi på deg.

Frå musikkvideoen

Trur på suksess

Det er Kristian Lund Solheim og Roger Andre Vie Hansen som har laga videoen. Dette er same duo som står bak BlimE-videoen til Helse Førde og som har gått viralt. Solheim trur også denne videoen blir ein suksess.

– Eg trur denne filmen går betre. Dette er noko heilt anna og vårt eige.

Han fortel om ivrige tilsette som nærast stod i kø for å bli med.

– Alle stilte opp og var veldig ivrige, fortel Solheim.

Musikkvideo frå nevrologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus

STATIST: Sjukehusdirektør Arve Varden var litt skeptisk, men sa likevel ja til ei rolle som pasient i musikkvideoen.

Foto: Kristian Lund Solheim

Direktør i sjukesenga

Men ein som måtte tenkje seg litt om, er administrerande direktør Arve Varden. Han blei nemleg «headhunta» til rolla som pasient.

– Eg var litt skeptisk då eg blei spurt om å vere statist, men eg brukte ikkje lang tid på å seie ja, ler han.

Direktøren tykkjer videoen er eit flott initiativ, og meiner dette er god omdømmebygging for Helse Førde.

– Eg tykkjer det er heilt fantastisk. Den videoen viser eit utruleg samhald, initiativ og kreativitet. Eg blei mållaus då eg såg resultatet.

Direktøren trur pasientane også vil setje pris på videoen.

– Eg trur dei tykkjer dette er ei avdeling med godt miljø og godt samhald og at dei er trygge når dei kjem på besøk hos oss.

No skal dei nyte

Og lurer du om det finst eit eige budsjett på sjukehuset for musikkvideoar? Hjorthol seier dei har gjort det som eit HMS-tiltak.

– Det er eit veldig godt tiltak der alle dei tilsette fekk bli med. Når det gjeld pengar, har vi betalt lydmannen, lisens for musikken og litt til dei som filma, fortel seksjonsleiar Irene Hjorthol.

Men trass gode tilbakemeldingar både frå direktøren og sjåarar, har ho ingen umiddelbare planar om ein oppfølgjar.

– Vi er så nøgde med den vi har laga at han skal få leve lenge.

– Trur du andre avdelingar får lyst å gjere det same?

– Det må dei berre gjere, men det er kjekt å vere den første som har gjort det, ler ho.