Youtube-videoen til Helse Førde går viralt

BlimE-dansen til Helse Førde har nådd over 11.000 visingar på berre eitt døgn.

Helse Førde sin BlimE-video, 2019

SJÅ VIDEO: Helse Førde sin BlimE-video har blitt populær.

Kvite legefrakkar og raude ambulanseuniformer virvlar rundt i BlimE-dansen, til låta «Mer enn god nok» med Stina Talling.

– Det er fantastisk, seier Kristian Lund Solheim, ein av dei bak filmen.

Han og Roger Andre Vie Hansen har filma og regissert videoen. På Youtube rullar sjåartala oppover heile tida. Solheim seier det ikkje var vanskeleg å få folk til å stille opp.

– Vi hadde fyrste filming ute på helikopterdekket. Mange ville stille opp, og eg vart heilt rørt, seier han.

At dei skulle få så mykje respons på videoen, på så kort tid, overraska han. Blant anna skriv ein person dette i kommentarfeltet:

Det e så sykt betryggende og godt å vite at disse menneskene er der når det skulle skje noe. En fantastisk stab! 😃

– Heilt enormt. Telefonen har ikkje stått stille eit sekund. Eg er stolt over dei tilsette i Helse Førde som blir med på dette.

Også Forsvaret har laga sin eigen BlimE-video, med over 70.000 visingar per november. Det var ein inspirasjon for Solheim.

– Vi må vise at vi er med, og at vi knyter venskap med denne filmen.

BlimE er NRK Supers årlege venskapskampanje. Kvart år sidan 2010 har NRK Super hatt ein BlimE-låt og dans til.

Her finn du hovudsida til NRK Super sin BlimE-kampanje i år.

Blime 2019

ÅRETS LÅT: «Mer enn god nok» med Stina Talling er årets BlimE-låt.