Hopp til innhold

Helsa jula velkomen med song i radiostudio

Med tonane frå Det lyser i stille grender ønska barnekoret den glade juletida velkomen på direkten i NRK sitt radiostudio i Førde.

Barnekor i radiostudio i Førde

FLOTT SONG: Eit samansett barnekor under leiing av Gro Anthun song for lyttarane våre fredag ettermiddag. Foto / redigering: Geir Bjarte Hjetland

– Vi er veldig spente på å synge på direkten, fortalde jentene frå ulike kor i Førde før dei trassa nervøsiteten og song av full hals.

Programleiar Erlend Blaalid Oldeide var publikum, saman med alle lyttarane til NRK Sogn og Fjordane som følgde den siste ettermiddagssendinga før jul.

NRK Sogn og Fjordane er tilbake med vanlege sendingar 3. juledag, men julaftan er det tre bolkar med fylkesnytt klokka 8, 9 og 10 – og nyheitene blir oppdatert kontinuerleg på nettsidene våre.

Over heile fylket går mange rundt og er spente på korleis julefeiringa skal bli. I Førde blir det tradisjonen tru også arrangert felles julefest for dei som gjerne ikkje har nær familie i nærleiken. For tiande gongen opnar Kyrkjetunet dørene for ei alternativ julefeiring for alle.

– Feiringa er ganske tradisjonell i innhald, men det som gjer dette så fantastisk er at ein her møtast på tvers av tradisjonar, kultur og bakgrunn. Gode, trauste sunnfjordsforteljingar møter spennande og dramatisk livserfaringar frå utlandet, seier diakoniarbeidar Ingvar Vagstad.

Korleis feirar du di jul? Vi vil gjerne sjå dine julebilete, og du må gjerne legge dei ut på Instagram og merke dei med #nrkjul og #nrksf. Hugs å merke av kvar du er i verda slik at alle kan få sjå di julefeiring. Du kan også sende oss bilete på sf@nrk.no.

Instagram Sogn og Fjordane
Laster innhold, vennligst vent..