Regjeringa prøver no å finne pengar til begge deler. Men Florø kan bli svært dyr for staten dersom basen verta oppretta etter planen i 2007.
Leitar etter pengar
Akkurat no leitar regjeringa etter pengar for å få vakt heile døgnet ved redningshelikopterbasane til 330-skvadronen i Bodø og Banak. Det kan bety at den planlagde redningshelikopterbasen i Florø må utsetjast eller skrinleggjast heilt. Sjølv om statssekretær Terje Moland Pedersen i justisdepartementet ikkje vil stadfeste det.
- Førebels står det i stortingsproposisjonen at basen i Florø skal opnast i 2007, men det ligg altså ingen pengar der. Vi vil måtte gjere ein vurdering for å få fram alle sider ved saka, seier Moland.
Kan bli dyrt
Dersom basen i Florø vert oppretta i 2007, må den starte med ein gammal type helikopter. Årsaka er at regjeringa enno ikkje har bestemt seg for kva for type redningshelikopter Norge skal ha. Og ei mellombels løysning kan fort bli dyr. Det stadfestar marknadssjef i Airlift i Førde, Erlend Follstad.
- Det å drive ein base på kort tid er dyrare enn å drive ein base på lang sikt, for vi har ein del kostnader som må avskrivast i kontraktsperioden.
- Lurt å utsetje
Drifta av Florø er rekna å koste opp mot 100 millionar kroner i året. Men det budsjettet kan fort sprekke. For overgang til ny type helikopter undervegs vil og koste mykje pengar. Det seier leiar av prosjekt- og forretningsutvikling i Lufttransport i Tromsø, Hans Arne Jensen, som trur det er lurt å utsetje oppstarten.
- Vi må ha ei ny utdanning når det gjeld flygarar, teknikarar og anna personell ved overgang til nytt helikopter, seier han.