Hopp til innhold

Held fram med produksjonen trass skadar for 50 millionar kroner

HYEN (NRK): Tysdag førre veke fekk båtverftet Brødrene Aa i Hyen store skadar som følgje av ras. Sakte men sikkert har båtprodusenten byrja å kare seg på føtene att.

Øydeleggingar inne i fabrikken til Brødrene Aa

STORE SKADAR: Biletet syner nokre av øydeleggingane inne i fabrikken til Brødrene Aa.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Det kan ta opp mot tre månader før me er i full drift, seier økonomisjef for Brødrene Aa, Even Rønnekleiv.

Ei skremmande oppleving

Det er berre litt over ei veke sidan det kraftige ekstremvêret herja i Gloppen, Jølster og Førde. Blant dei hardt råka områda var Hyen, der mellom anna over hundre menneske i Ommedal og Gjengedal vart totalisolerte, og industrihallen til Brødrene Aa fekk store skadar.

Dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa, stod på motsett side av fjorden og såg elva fløyme nedover mot fabrikken.

Dagleg leiar i brødrene Aa, Tor Øyvin Aa

DRAMATISK: Dagleg leiar Tor Øyvin Aa opplevde hendingane som svært ubehageleg, førre tysdag.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Me kunne berre stå og sjå på korleis elva braut seg ny veg inn mot anlegget, og frykta det verste. Det er skremmande kor naturen kan herje.

Hell i uhell

Flaumen, som fossa inn i bygget, fekk delar av andre etasje til å kollapse. Steinar og gjørme låg strødd over alt. Jobben som måtte gjerast for å rydde unna alt, var enorm.

– Me byrja oppryddingsarbeidet dagen etterpå. Me fekk ut gjørme frå kantine, resepsjon og så vidare. Etter kvart fekk me også på plass slambilar for å suge ut mesteparten av gjørma, fortel økonomisjef Even Rønnekleiv.

Even Rønnekleiv utanfor fabrikken

HELDIGE: Me var heldige i at ingen av båtane vart råka, fortel økonomisjef Even Rønnekleiv I Brødrene Aa.

Foto: Marita Solheim / NRK

Inne i hallen var fleire båtar under konstruksjon, men ingen av dei vart råka.

– Me var heldige, seier han.

Enorme kostnadar

Rønnekleiv seier at totalkostnaden på gjenoppbygginga av fabrikken vil verte stor.

– Det er vanskeleg å anslå kor dyrt det er no, men det kan fort bli opp mot 50 millionar, seier han.

Selskapet, som etter planen skulle levere ein båt til Kina i haust, og ein til Stavanger på nyåret, må rekne med at det tek ei stund før dei er i gong igjen for fullt.

– Dei verste skadane på bygget vil nok ikkje vere reparert før om tre månader. Me vil sjølvsagt vere i gong med produksjon før det, men det vil ta ein god del tid.

Håpar på betre sikringstiltak

For å hindre at noko liknande skjer igjen håpar Rønnekleiv at det no vil verte jobba nøye med å sette i verk sikringstiltak i etterkant av ekstremvêret.

– Det må verte sett i gang arbeid med elveløpet som forårsaka det her, slik at det kan ta imot liknande nedbørsmengder i framtida.

Rønnekleiv trur dette arbeidet er viktig for å betre tryggleikskjensla for dei som held til i området.

– Eg har ikkje noko anna grunnlag enn å seie at eg trur arbeidstakarane våre skal kunne kjenne seg trygge på jobb. Det er slik det bør vere, seier han.