Uvêret tysdag gjorde store skadar hjå båtprodusenten Brødrene Aa i Hyen. Tor Øyvind Aa fortel at elva som går mellom deira anlegg og anlegget til Hyen fisk tok med seg enorme steinmassar. Etter kvart delte elveløpet seg og gjekk gjennom dei to anlegga. Hjå Brødrene Aa kom store steinmassar inn i andre etasje.
– Etter kvart kollapsa taket i delar av anlegget. Vassmassane fortsette å trengje inn, og det ligg fleire hundre kubikk stein og grus inne i anlegget. Dette har ført til at store verdiar har gått tapt.
Ifølgje Aa har dei for tida tre båtar i produksjon. Alle desse er intakte.
– Men det er ingen tvil om at verdiar for fleire titals millionar har gått tapt, seier han.
– Absolutt dramatisk
Aa fortel at dei no må i gang med ei stor opprydding.
– Kva tiltak vi skal starte med vil vise seg utover dagen. Det er veldig mykje som skal gjerast, og vi prøvar å redde dei verdiane som framleis kan reddast.
– Korleis var det å sjå det som skjedde?
– Det var absolutt dramatisk, men det var ikkje så mykje vi kunne gjere. Vi stod berre som tilskodarar.
Fleire isolerte
Fleire innbyggjarar i Hyen er òg isolerte etter uvêret tysdag. Brua over Åelva på fv. 691 vart teken av raset. Magni Aa Berge, fungerande ordførar i Gloppen, fortel at folk likevel er fatta og tar det roleg.
– Det er imponerande. Vi er veldig glade for at menneskeliv ikkje har gått tapt, og at ingen så vidt vi veit har vorte skadde. Det var nære på for mange eg har snakka med.
Berge har snakka med fleire av innbyggjarane i Hyen om dei dramatiske hendingane i går.
– Dei fortel at det kom heilt brått og uventa, med veldig store vassmassar. Fjorden i Hyen er heilt brun, og det ligg mykje drivved der.