Hopp til innhold

Bygder i Gloppen isolerte av ras

Ras og flaum har øydelagt vegar og bruer i Hyen i Gloppen. Eit hundretals personar er isolerte.

Bru på vegen til Ommedal teken av vassmasser

KNUST: Brua på fylkesveg 691 til Ommedal er fullstendig øydelagt av vassmassane.

Foto: Kjartan Aa Berge

På fylkesveg 615 mellom Hyen og Sandane har to elver fløymd over, både Årneselva og Tjøtaelva.

Dermed er industribygda avskoren frå kommunesenteret. Det er framleis tilkomst til bygda frå Eikefjord i sør.

Men på fylkesveg 691 frå Hyen til Ommedal er brua over Tverrelva smadra av vassmassene. Dermed er dei kring 100 som held til i Ommedal og Gjengedal isolerte frå omverda.

Harald Ommedal (60) i Ommedal fortel på telefon om herjingane.

– Det har akkurat skjedd, så det er litt vanskeleg å ha oversikt.

– Eg blir jo litt skremd, når det skjer så plutseleg. Iløpet av ein halvtime kom det enorme vassmengder og det gjekk veldig fort.

Han fortel korleis elva vart heilt svart av jord og rusk. Han såg det kom rundballar, røter og mykje anna flytande.

Han kjenner ikkje til at menneske, dyr eller hus skal vere skadde.

Gloppen kommune har sett krisestab.

Fungerande ordførar Magni Aa-Berge (Sp) seier ingen skal vere skadde i herjingane.

Ho seier dei har funne alternativ til dei isolerte innbyggjarane som skulle hatt heimehjelp.

Ho håpar vegen kan bli utbetra så raskt som mogleg.

Store vassmengder ved Aa i Hyen

ØYDELEGGINGAR: Elva vaks seg stor og svart iløpet av ein halvtime, fortel Harald Ommedal.

Foto: Kjartan Aa Berge