Hopp til innhold

Held fast på utsegn om reisetid

Helsedepartementet held fast på at hovuddelen av dei fødane i Nordfjord vil få kortare eller same avstand til sjukehus når Kvivsvegen opnar.

Video 15 min Stryn - Volda

15 MINUTT: Dette sa helseministeren om reisetida mellom Stryn og Volda.

Mange har reagert på Helseministeren si vektlegging av opninga av Kvivsvegen då ho kom med sjukehusavgjerda på fredag. Nordfjord sjukehus mister mellom anna fødeavdelinga si.

Tord Dale

STATSSEKRETÆREN: Tord Dale held fast på at reisetida blir kortare eller den same for mange nordfjordingar.

Foto: NRK

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Tord Dale, seier vegopninga ikkje har vore det viktigaste. Men held fast på at avstanden vil bli kortare.

– Det er slik at hovudtyngda av dei fødande kjem frå indre Nordfjord og det er der auke i fødselstal vil komme i åra framover. Det viser tal frå SSB. Dei vil få same eller kortare reiseveg i åra framover, seier han.

Tala frå Statens Vegvesen viser at det er 45 minutt for stryningar til Eid i dag, medan det vil bli til 51 minutt til sjukehuset i Volda når Kvivsvegen opnar.

– Det vil bli lengre veg, men den er ny og fergefri. Mange vil få same eller kortare reisetid til sjukehus.

– Viktig å sikre god fagmiljø

Men verken stryningar eller honndøler tek ikkje ferje for å komme seg til sjukehuset på Nordfjordeid. Dale held fast på at mange vil få same eller kortare veg.

– Men det viktigaste var å sikre eit godt fagmiljø, at det er ein attraktiv arbeidsplass der unge og nyutdanna gynekologar ønskjer å flytte for å drive ei god fødeavdeling.

– Men kven siktar de til når de seier same eller kortare reisetid?

– Då siktar vi mellom anna til innbyggjarane i indre Nordfjord. Stryningane vil få omlag same veg som i dag, medan honndølene får kortare veg, seier han.