Hopp til innhold

Utan Hamza og dei andre innvandrarane hadde folketalet stupt i dette fylket

NORDFJORDEID (NRK): Utan dei 6500 innvandrarane til Sogn og Fjordane dei siste fire åra hadde folketalsutviklinga vore heilsvart. Hamza Alhajy kom frå Syria, no har han skapt sitt eige levebrød.

Haza Alhajy

NØGD: Haza Alhajy starta butikken med få varer og lite kapital, no bognar det i hyllene.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Butikken er open frå 10 til 19, og eg jobbar her åleine, seier Alhajy.

Vel 6500 menneske har innvandra frå utlandet til Sogn og Fjordane sidan 2. kvartal 2013. Dette er hovudårsaka til at folketalsveksten var på solide 1500 personar.

Men trass i at innvandringa bergar folketalet, ynskjer fleire parti sterke avgrensingar i talet flyktningar.

Starte med to tomme hender

For to år sidan starta Hamza Alhajy sitt eige levebrød, daglegvarebutikken Eid Asiabutikk. Med lite kapital, få varer og ein familie med fem born å forsørgje. No bognar det i hyllene.

Butikken har spesialisert seg på utanlandske daglegvarer. Kundane er både frå Norge, og blant den veksande gruppa innvandrarar frå Asia og Afrika i distriktet.

– Vi har varer frå Syria, Jordan, Libanon, Pakistan, Afghanistan, India alle slags produkt, seier Alhajy.

Innvandrarar i Sogn og Fjordane

2013

2014

2015

2016

2017

Tal personar

Europa unntatt Tyrkia

6506

6856

7316

7650

7768

Afrika

1136

1416

1503

1671

1754

Asia med Tyrkia

1543

1615

1741

1981

2821

Nord-Amerika

108

106

108

116

119

Sør- og Mellom-Amerika

375

371

365

353

348

Oseania

20

17

17

19

17

Totalt

9688

10381

11050

11790

12827

Eur pst.

67.16

66.04

66.21

64.89

60.56

Afrika pst

11.73

13.64

13.60

14.17

13.67

Asia pst

15.93

15.56

15.76

16.80

21.99

Ekspander/minimer faktaboks

Folketalet kunne vore i fritt fall

I 2016 under og etter flyktningkrisa auka folketalet med 732 personar. Netto innvandring frå utlandet til fylket var på 1318 personar Aldri har folketalsveksten vore høgare i Sogn og Fjordane, og det trass i at fødselsoverskotet var rekordlåge 77 born.

Seniorrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet Georg Arnestad er ikkje i tvil: Utan innvandringa hadde folketalet i Sogn og Fjordane vore i nærmast fritt fall.

– Frå 2000-talet har innvandringa vore avgjerande, og den blir berre meir avgjerande etter kvart som åra går. Vi har hatt eit rimeleg stort fødselsoverskot i fylket, men no ser det ut som det er i ferd med å forsvinne.

Av innvandrarar som bur i fylket er vel to tredjedelar arbeidsinnvandrarar, gjerne frå Aust-Europa, vel ein tredjedel er flyktningar frå Asia og Afrika seier Arnestad.

– Det er i aukande grad innvandringa som må halde folketalet stabilt, eller bidra til ei auke, seier Arnestad.

Vil minke talet flyktningar

Dei fire største partia her til lands går alle til val på å ha ein restriktiv asyl- og flyktningpolitikk, og alle parti lovar vekst i folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane.

Frp sin stortingskandidat Britt Dalsbotten meiner likevel ikkje at dette er eit paradoks.

– For å få folkevekst må vi ha attraktive arbeidsplassar. Då tiltrekk vi oss dei som vil jobbe her, seier ho.

Dalsbotten seier det er positivt for fylket med innvandrar som lærer seg språket, kjem seg i jobb og blir bidragsytarar.

– Men å oppretthalde folketalet for ein kvar pris er ikkje nødvendigvis vårt mål. Det vil vere negativt om fleirtalet av dei som kjem blir bidragsmottakarar og ikkje bidragsytarar.

Blir verande

Tilbake i Eid Asia butikk er dei fyrste kundane på plass. Hamza Alhajy er trygg på at han blir verande:

– Nordfjordeid er veldig bra. Plassen er ikkje altfor stor, men ligg midt i distriktet. Vi kjem ikkje til å flytte til ein annan by, seier han.