Heile bygda vil hjelpe familien som mista alt i husbrannen

GAUPNE (NRK): Flyktningfamilien mista det dei hadde igjen då huset deira stod i flammar. No har den vesle bygda i Luster samla inn så mykje at frivilligsentralen måtte seie stopp.

Anita Kjørlaug

GIVARGLEDE: På frivilligsentralen i Luster har Anita Kjørlaug. fått inn rikeleg med klede og sko.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det kjenst no som at dette er heimlandet mitt, seier Hiba Almobarak.

Familien Almobarak kom til Noreg frå Syria for knappe to år sidan. Dei hadde berre med seg nokre få gjenstandar frå heimlandet deira, som minne om kvar dei kom frå.

No er alt borte.

Lokalsamfunnet stiller opp

Hiba Almobarak

TAKKNEMLEG: Hiba Almobarak er eldstemann i familien som mista huset og alt dei eigde i brannen. Ho er takknemleg for at lokalsamfunnet har stilt opp for dei i etterkant.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I etterkant av brannen, natt til fredag førre veke, har ikkje responsen latt vente på seg. Lokalsamfunnet i Luster har slått ring om familien Almobarak.

Hiba, som er eldst i søskenflokken på åtte, er svært takknemleg for omtanken.

– Det kjenst veldig godt at folk bryr seg om oss. Alle har lyst til å hjelpe. Ein tenkjer mindre på problemet då, seier ho.

Hus brann ned i Luster

NEDBRENT: Slik såg det ut dagen etter brannen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Måtte seie stopp

På frivilligsentralen i Luster har dei fått inn så mykje sko og klede, at dei no har måtte seie stopp til dei som ønsker å gje meir.

– Det har jo komme så mykje. Me har faktisk måtte gå ut og sei at me ikkje har kapasitet til å ta inn meir. Det er heilt fantastisk å sjå kor mykje som har komme inn, fortel leiar Anita Kjørlaug.

Fylt til randa

Frivilligsentralen i Luster

SKO OG KLEDE: Det er ikkje berre klede folk har donert til familien frå Syria. Sko og utstyr til hus har dei også fått.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Inne på frivilligsentralen har dei sett av eit eige rom for å separere alt som har komme inn. Rommet har vorte fylt til randa av posar og sekker fulle i klede og sko.

– Her er det heilt fullt. Det kan til og med sjå ut til at folk har kjøpt inn nye klede også som dei ønsker å gje, seier Kjørlaug.

Ho fortel at det ikkje berre er klede det går i.

– Me har hatt mange som ønsker å gje utstyr til hus og slike ting også, men akkurat no har dei ikkje behov for utstyr sidan dei bur i ei hytte, så det har me sagt at me må komme tilbake til, seier ho.

– Rørande

Hanne Bisgaard

RØRANDE: Hanne Bisgaard er leiar i Nav Luster. Ho har vore tett på familien dei siste dagane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Leiar i Nav Luster, Hanne Bisgaard, har vore svært tett på familien dei siste dagane. Ho seier det betyr svært mykje for familien å bli slått ring rundt på denne måten.

– Det viser at vi har eit samfunn som viser omsorg for kvarandre. Det er rørande for familien å føle at dei betyr noko for samfunnet, og at dei har busett seg på ein plass som ønskjer at dei skal vere der.