Normal

Riggar seg for nedtur, men håpar på opptur

Havyard Leirvik merkar krisa i olje- og offshorenæringa og må kutte 60 stillingar. No håpar dei oppturen kjem raskt.

I Hyllestad i Sogn, merkar dei no nedturen i oljenæringa.
Lokalsamfunnet blir kraftig ramma når skipsverftet Havyard skal kutte 60 årsverk.

NEDTUR: I Hyllestad merkar dei konsekvensen av redusert aktivitet i olje- og offshorenæringa. Men dei trur at oppturen kjem att.

– Vi fekk bestilling på tre isbrytarar frå eit russisk selskap, seier dagleg leiar ved Havyard, Lasse Stokkeland medan han viser fram skipet dei jobbar på.

Framleis stor aktivitet på verftet i Hyllestad. Men det er dystre utsikter. Med svekka aktivitet i olje- og offshorenæringa har hjørnesteinsbedrifta i Hyllestad måtte varsle oppseiingar av 60 personar, av 240 faste tilsette.

Mindre jobb

– Aktiviteten er ikkje den same som vi såg føre i oss i fjor på same tid, sjølv om vi har ein topp neste år med levering av dei tre isbrytarane, så ser vi at i framkant og etterkant er det vesentleg lågare aktivitet enn det vi peila oss inn mot.

– Det er jo ikkje bra. Vi håpar jo det skal vere kontinuitet, men sånn som det er no er det jo ikkje det, seier Alte Hopen som er røyrleggar i Fjordpipe. Selskapet er underleverandør og har arbeid nokre få veker til.

For dei tilsette er det tøft i vite at ikkje alle har jobb vidare.

– Vi går gjerne og kvernar på det, heile tida eigentleg, og tenkjer på det og korleis det går vidare. Det kan vere fleire som slit meir enn vi veit om, dette kan gå hardt inn på folk, seier Morten Langeland som er tillitsvald i Fellesforbundet.

Konsekvensar for heile kommunen

For kommunen er situasjonen alvorleg, og dei har allereie bede fylkesmannen om hjelp til å takle konsekvensane, blant anna for kommuneøkonomien. Kommunen har 1400 innbyggjarar og når 60 kan bli sagt opp vil det merkast, trur ordførar Morten Askvik.

– Kortsiktig veit vi at det går utover dei det gjeld, og det er dei vi mest tenkjer på. Men langsiktig veit vi at det kan få konsekvensar for heile kommunen, seier han.

No håpar dei tilsette og leiinga ved verftet at situasjonen snart skal snu. For dei satsar på framtida i Hyllestad.

– Vi riggar for ein lågare aktivitet, men førebur oss på at oppturen vil komme. Dette skal vi komme oss gjennom, seier Stokkeland.

Vegopning på Bergum i Førde kommune