NRK Meny
Normal

Har tredobla omsetnaden etter opninga av «Utsikten»

GAULARFJELLET (NRK): Flatheim friluftsgard har hatt ei markant auke i besøkande etter at Gaularfjellet fekk status som nasjonal turistveg. Trenden er den same i heile landet.

Heidi Vallestad, eigar Flatheim friluftsgard

SMIL: Heidi Vallestad driv Flatheim friluftsgard og har all grunn til å smila. Aldri før har dei hatt så mange besøkande som no, og planane vidare er å bygga ut.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Vi er no halvvegs i juli og har omsett for like mykje til no, som vi gjorde i heile juli i fjor. At Gaularfjellet fekk status som nasjonal turistveg har betydd alt, seier Heidi Vallestad, som driv Flatheim friluftsgard, som har både overnatting og kafé.

I 1994 vart fire vegstrekningar vald ut som eit prøveprosjekt av Statens vegvesen, og i 2005 hadde 18 vegstrekningar fått status som nasjonale turistvegar. Dei er ligg i heile landet, frå Egersund i sør til Varangerbotn i Finnmark og har som mål å (ekstern lenke).

23. juni 2016 var ein merkedag for reiselivsnæringa langs Gaularfjellet i Sogn og Fjordane. Då opna «Utsikten».

– Det var som ein eksplosjon. Då vart det veldig mykje trafikk og ei stor auke av overnattingsgjestar, seier Vallestad.

Utsikten ved Gaularfjellet

«UTSIKTEN»: Herfrå kan turistane nyta utsikta frå Gaularfjellet.

Foto: Jiri Havran / Jiri Havran

Kraftig auke

Ein rapport, bestilt av Statens vegvesen, viser at langs turistvegane i Varanger og Rondane har reiselivsnæringa hatt ei stor auke etter at dei fekk turistvegstatus (ekstern lenke).

– Vi jobbar med å dokumentera effekten av satsinga på turistvegar. Til no er det ganske tydleg på at dei har ein effekt og på Gaularfjellet er det veldig tydeleg, seier Trine Kanter Zerwekh i Statens vegvesen, som er ansvarleg for profilering og reiseliv.

For Flatheim friluftsgard var omsetnaden i 2016 tre gangar så høg som den var året før.

Artikkelen fortsett under faktaboksen.

Trollstigen

ATTRAKSJON: Dette utkikkspunktet er sett opp langs Trollstigen.

Foto: Per Kollstad/Statens vegvesen

Satsar milliardar

Til saman på dei 18 turistvegane i landet er det planlagt å bruka 3,2 milliardar kroner mellom 1994 og 2023 på attraksjonar, kunst, utkikkspostar og andre tiltak for reisande. Innan utgangen av 2017 skal 155 vera ferdige, og innan utgangen av 2023 skal alle attraksjonane langs alle vegane vera ferdig.

Utsiktspunktet Stegastein

Stegastein på Aurlandsfjellet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Vi har tru på at denne satsinga skal gje effekt, men stadar som Lofoten og Hardanger, der det har vore lang tradisjon for turisme er det ikkje like enkelt å sjå om auka i reisande kjem grunna turistvegstatusen, seier Kanter Zerwekh.

For det er framleis over seks år til alle attraksjonane langs dei nasjonale turistvegane skal stå ferdig. Ottar Hov, som driv Hov hyttegrend på strekninga over Gaularfjellet, trur dei berre har sett byrjinga.

– Vi merkar det allereie, men eg trur dette berre er starten. Etter kvart som dette kjem inn på kart og at fleire snakkar om det vil nok mange fleire ta turen, seier Hov.

Nasjonale turistvegar gir inntekter til lokale bedrifter

Sjå saka frå Vestlandsrevyen om nasjonale turistvegar.

Vilde og Anna framfører Vestlandet på Malakoff festivalen.
bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.
Store skadar etter flaum i Utvik og på Breim