Hopp til innhold

Hundre turistar opna superattraksjon

Eit digert, trekanta flak av betong skal lokke turistar frå heile verda til Gaularfjellet. I dag opna attraksjonen «Utsikten».

Eit digert, trekanta flak av betong skal lokke turistar frå heile verda til Gaularfjellet. I dag opna attraksjonen «Utsikten».

Torsdag var over hundre turistar og lokale skuelystne samla til opninga av utsiktspunktet «Utsikten», på turistvegen Gaularfjellet. Det er Statens vegvesen som er byggherre og Veidekke som har utført byggearbeidet.

Kristian Jørgensen, administrerande direktør for Fjord Norge, hadde æra av å klippe snora og offisielt opne byggverket.

– Dette er nok ein ufatteleg attraksjon langs dei norske turistvegane. Slike attraksjonar snur på heile turiststraumen i nærområdet. Eg står og kikkar utover no og det er heilt vanvitig, seier Jørgensen.

Ifølge Statens vegvesen har byggverket kosta 30 millionar kroner og det har tatt ti år frå idé til den ferdige utsiktsplassen.

Klar for turistvekst

Turistvegen Gaularfjellet går gjennom kommunane Balestrand, Gaular og Førde. Gaular-ordførar Mathias Råheim stilte i slips på festdagen.

– Dette er verkeleg eit landemerke som turistane kjem til å legge merke til overalt. Reiselivet er ei vekstnæring som Noreg, Sogn og Fjordane og kommunane her satsar på, seier Råheim.

– Turistane leiter etter brune skilt for å oppleve spesielle ting, og så kjem dei opp her og ser noko heilt spesielt, seier den stolte ordføraren.

Utsikten snor

LUFTIG: Det kiler i magen når ein kikar utfor kanten på Utsikten. Frå kanten ser ein tretten svingar på vegen ned mot Vetlefjorden.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Enkel arkitektur

Det spesielle byggverket var torsdag fullt av folk under opninga, med livemusikk frå ei scene som var rigga opp for anledninga. Ein del av utsiktsplassen er ein amfi, der arkitektane har sett føre seg at ulike kulturarrangement kan gå føre seg der.

Arkitektane Arne Ringstad og Eivind Nygård i arkitektfirmaet Code, ville lage utsiktsplassen så enkel som mogeleg.

– Det er meininga at opplevinga annleis og meir uventa enn den elles ville ha blitt. Det skal vere ei forlenging av vegen og det skal vere enkelt for bilistane å få tilgang til denne utsikta, seier arkitektane.