NRK Meny
Normal

Pyntar turistvegane for milliardar

Denne veka opna det som skal bli ein ny turistmagnet på Gaularfjellet. Nasjonale turistvegar er ein enorm satsing på norsk turisme, som har kosta milliardar.

Utsikten opning

LUFTIG: Den nye Utsikten på Gaularfjellet skal lokke turistar frå heile verda til Sogn og Fjordane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Gaularfjellet er éin av 18 Nasjonale turistvegar i Noreg. Langs desse vegane har Statens Vegvesen gjennomført store prosjekt for å gjere vegane meir attraktive for turistar. Desse prosjekta er hovudsakleg rasteplassar, toalettbygg og utsiktspunkt langs vegane.

– Slike nasjonale turistvegar er noko heilt unikt og det er spesielt for Noreg. Det vekkjer stor merksemd, og eg vil seie at det er det viktigaste som har hendt innanfor reiselivsnæringa i Noreg nokon gong, seier Ottar Hov.

Turisme og distriktssatsing

Ottar Hov Viksdalen

OPTIMIST: Ottar Hov driv Hov hyttegrend og er ikkje i tvil om at utsiktspunkt og anna form for utsmykking langs vegane vil vise att på besøkstalet i hyttene.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Ottar Hov leiger ut hytter Hov hyttegrend i Viksdalen, midt i ruta til Gaularfjellet-vegen. Han er overtydd om at det nye utsiktspunktet på Gaularfjellet er positivt for turismen i nærområdet.

Hov meiner ei slik satsing tener meir enn berre dei som driv med næring retta mot turisme.

– Dei nasjonale turistvegane er distriktssatsing, dei er alle eit stykke frå dei store byane, seier Hov.

Kostar to Lærdalstunnelar

Ifølge Statens Vegvesen er det løyvd 120 millionar til turistvegen over Gaularfjellet. Dei fleste andre turistvegane har fått større løyvingar enn dette.

– Nasjonale turistvegar har kanskje vore den største enkeltsatsinga som har blitt gjort for å skape merksemd om Noreg, seier kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad i NHO Reiseliv.

Til saman på dei 18 turistvegane i landet er det venta at kostnadane vil bli 3,2 milliardar kroner mellom 1994 og 2023. Til samanlikning svarer dette til om lag to og ein halv gongar kostnadane til Lærdalstunnelen.

Eit digert, trekanta flak av betong skal lokke turistar frå heile verda til Gaularfjellet. I dag opna attraksjonen «Utsikten».

Prosjekta ligg i kø

– Det nye utsiktspunktet «Utsikten» får ein samla kostnad på 30 millionar, og er den andre i ei rekke attraksjonar som er planlagt langs turistvegen. Den første var ein rasteplass ved Likholefossen bru, seier Harald Bech-Hanssen på Statens Vegvesen sitt turistvegkontor.

Dette prosjektet kosta om lag tolv millionar kroner. Det neste prosjektet på lista til vegvesenet er kunstverket «Mirage» på Torsnesstien.

– Det er ein brønn, som òg er knytt til ni andre brønnar i Malawi, gjennom eit UNICEF-prosjekt. Dette prosjektet vil koste 4,7 millionar, seier Bech-Hanssen.

Trollstigen

DYRAST: Turistvegen Geiranger-Trollstigen er den dyraste av dei 18 nasjonale turistvegane. Den har fått attraksjonar for ein halv milliard kroner.

Foto: Per Kollstad/Statens vegvesen

Han seier at Gaularfjellet er om lag halvvegs i utviklinga og at det er fleire prosjekt på gang langs strekninga.

– Vi har ein arkitektkonkurranse på Rørvikfjellet og det er fleire planar som ikkje er på teiknebrettet enno. Først ser vi oss ut aktuelle punkt, og så prøver vi å finne ut korleis vi kan realisere desse, seier Bech-Hanssen.

Størst i norsk turisme

For turistnæringa er dette verdifulle investeringar. Habberstad i NHO Reiseliv meiner dei ser heilt konkrete resultat.

– Det fører til auka turisme og det bidreg til næringsutvikling. Etter at utsiktsplassen Solberg i Rondane vart ferdig, auka omsetnaden på overnattingsstader der med 60 prosent.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser