Hopp til innhold

Har sikra seg iskald kontrakt - skal byggje isbrytar for russarane

Havyard har sikra seg ei ny storkontrakt. Ved verftet i Leirvik i Sogn skal dei no byggje ein 86 meter lang isbrytar for det russiske reiarlaget FEMCO.

Havyard 843 Ice

TOLER MYKJE: Ein slik Havyard Ice skal i 2015 leverast til Russland frå Havyard sitt verft i Leirvik i Sogn. Skipet skal utføre avanserte oppdrag under ekstreme forhold.

Foto: Havyard

Skipet som skal byggast er eit Havyard 843 Ice, eit isbrytande offshore fartøy som kan utføre avanserte oppdrag under ekstreme forhold.

Havyard Design og Solutions i Fosnavåg skal stå for designen, medan skipet skal byggast i Leirvik i Sogn.

Salsdirektør i Havyard Group, Tor Leif Mongstad, gler seg stor over kontrakten dei har halt i land.

– At vi greier å dra i hamn denne typen kontraktar vitnar om at vi også er konkurransedyktige på pris, leveringstid og kvalitet, seier Mongstad.

– Båten skal gå i Arkhangelsk, i nordre del av Russland, seier han vidare.

Trur erfaring vart utslagsgjevande

Havyard har god erfaring i å byggje isbrytarar for russiske reiarlag. Alt i 2006 leverte dei to båtar til eit russisk reiarlag. Mongstad trur denne erfaringa var medverkande til at FEMCO valde akkurat dei.

– Det at vi har erfaring med å samarbeide med russiske reiarlag og at vi allereie har levert liknande fartøy til Russland var nok ein viktig grunn når vi halde i land denne kontrakten i konkurranse med andre europeiske verft, seier Mongstad.

Han seier verftet i Leirvik er blant dei i verda som har levert flest slike isbrytande fartøy,

Kan bryte metertjukk is

Skipet som skal leverast har nytt design, utvikla av Havyard Design og Solutions i Fosnavåg. Skipet skal mellom anna kunne bryte meir ein meter tjukk is, og har eit system for å unngå nedising av fartøyet.

Skipet er elles designa for å drive med ankerhandtering, tauing og beredskap for oljevern og redningstenester.

– Vi har også store forventningar til marknaden som opnar seg med større aktivitet på russisk side i nord og trur denne kontrakten vil gjere Havyard endå meir attraktiv for russiske interesserer som er ute etter denne typen fartøy, seier han.

Det russiske reiarlaget har også sikra seg ein opsjon på bygging av ytterlegare eitt slikt skip.

Mongstad vil ikkje avsløre prisen på avtalen, men seier det er ein god pris for å vere ein offshorebåt. Skipet som skal byggast er 86 meter langt, vil vege 185 tonn og har fart på 16 knop.

Har arbeid til hausten 2015

Med denne ordren har Havyard Group no åtte nybygg og ei større ombygging i ordre ved verftet i Leirvik i Sogn.

Dei har ein ordrereserve på skipsbygging på i underkant av tre milliardar norske kroner.

Dei vel 500 arbeidarane ved verftet i Leirvik er sikra arbeid til ut på hausten 2015.

Dankar ut konkurrentar på avanserte båtar

Mongstad seier det tradisjonelt er marknaden på plattformsupportskip som har vore god, men at det i den seinare tida har gått meir over til spesialbåtar som konsesjonsbåtar og subsea-båtar. Og det er på det sistnemnde at dei har størst konkurranseevne.

– Det verkar som det er denne marknaden som går framover, og det talar til norske verft sin fordel. Det er store kompliserte og avanserte båtar, og det er her vi har den største konkurranseevna, seier Mongstad.

Han seier dei stadig jagar nye kontraktar, men at dei er optimistiske.

– Dette viser nok ein gong at når det gjeld avanserte båtar har vi god konkurranseevne i forhold til dei store marknadane som vi konkurrer mot, som er Kina og Tyrkia, seier han.