Hopp til innhold

Skal byggje verdas mest miljøvenlege brønnbåt

Havyard Ship Technology i Leirvik skal stå for bygginga av ein brønnbåt for Fosnavaag Shipping med opsjon på ein båt til. Båten vert rekna som verdas mest effektive og miljøvenlege.

Kenneth Pettersen Olav og Kristin Remøy i Fosnavaag Shipping for tilliten

VERFTSKONTRAKT: Operasjonsdirektør i Havyard Group AS, Kenneth Pettersen(nummer to frå venstre), takker søskenparet Olav og Kristin Remøy i Fosnavaag Shipping for tilliten etter valet av Havyard som verft når reiarlaget no skal byggje brønnbåt av Havyard 587-design. Til høgre; designer ved Havyard Design & Engineering, Kjetil Myren.

Foto: Per-Jan Brekke

I førre månad skreiv Herøy-reiarlaget designkontrakt med Havyard Group AS om levering av eit Havyard 587-design med opsjon på levering av eitt til.

Nesten 85 meter langt skip

Då var det ikkje klart kva for eit verft som skulle byggje båtane, men no er det klart at Havyard og deira verft; Havyard Ship Technology i Leirvik, også skal stå for bygginga, skriv verksemda i ei pressemelding.

Det er lagt opp til ei levering av skipet i løpet av januar 2014 med opsjon på levering av eit farty til seks månadar seinare. Kvar båt har ein prislapp på 250 millionar kroner.

Havyard 587 har tre store sylindertankar for levande fisk med ein kapasitet på heile 3250 kubikk, noko som tilsvarar 500 tonn fisk. Skipet er nesten 85 meter langt og har plass til eit mannskap på 12 personar.

(Artikkelen held fram under biletet)



Har den ypperste teknologien

Havyard 587

HAVYARD 587: Det er eit Havyard 587-design med ein tankkapasitet på 3250 kubikk som Havyard Ship Technology skal bygge for Fosnavaag Shipping. Illustrasjon: Gunnar Flusund

Foto: illustrasjon: Havyard/Gunnar F. / Harald M. Valderhaug

Ifølgje designer Kjetil Myren ved Havyard Design & Engineering(HDE) vil Havyard 587 innehalde det aller ypperste innan brønnbåtteknologi, som vil setje ein ny standard for miljøvenleg og skånsom transport og behandling av levande fisk.

– Dei sylindriske lastetankane, og det effektive filter- og vannbehandlingsutstyret gjer det mogeleg med lukka transport over langt større avstander enn på eksisterande båtar. Det gjer mogleg også større fisketettleik, fortel Myren.

Han held fram:

– Skroglinjene og framdriftsmaskineriet, ein medium-speed hovudmotor med betydeleg lågare forbruk enn hurtiggåande motorar, er utforma for høg toppfart og driftsøkonomisk normalfart, seier han i pressemeldinga.

- Båten er verdas mest miljøvenlege

Myren legg til at det også er montert katalysator. Båten får en maksimal servicefart på 14 knop ferdig lasta, og utslepp per kilo frakta fisk er svært lågt.

– For å hindre utslepp og minimere risiko for smittespreiing skal alt vatn UV-behandlast og gå gjennom et komplisert filtersystem i to trinn. Båten vert også utstyrt med system for avlusing av fisken ombord, der filtersystemet vil fjerne og destruere all lakselus. Desse systema fører til ekstremt lite dødlegheit under frakt av fisk, opplyser dagleg leiar i Fosnavaag Shipping, Olav Remøy, som konkluderer med at alt dette gjer Havyard 587 til verdas mest miljøvenlege brønnbåt.

- Viktig milepæl for konsernet

Dagleg leiar i Fosnavaag Shipping, Olav Remøy, er glad for at dei no har kome i land med ein verftsavtale.

– Vi har vore i kontakt med fleire verft, både i Norge og utlandet, men vi valde til slutt Havyard på grunn av at det verkar trygt og godt i høve til kvalitet og levering. Gjennom det gode samarbeidet vi har hatt med Havyard Design & Engineering har vi lært å kjenne selskapet og heile organisasjonen, og det vi har sett og opplevd har vore tillitsvekkande, seier Remøy.

Operasjonsdirektør i Havyard Group AS, Kenneth Pettersen, ser den nye kontrakta som ein viktig milepæl for konsernet.

- Vi ønskjer å utvikle oss innanfor fiskeri-segmentet, og det er viktig for oss å få stadfesta at vi har lukkast i så måte. Vi har vore i ein positiv dialog med Fosnavaag Shipping heile vegen, og vi var svært nøgde med at dei i fyrste omgang valgte designet vårt. Det gjer oss ekstra stolte at reiarlaget no også velgjer å byggje på verftet vårt. Reiarlaget skal føle seg trygge på at vi skal levere både til rett tid og med topp kvalitet, seier Pettersen ifølgje pressemeldinga.