Hopp til innhold

Rekordresultat for Havyard

Havyard Group hadde i fjor det beste resultatet nokon gong i selskapets historie.

Havyard Leirvik

SKAPER OVERSKOT: Havyard Leirvik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Selskapet har hovudkontor i Fosnavåg på Sunnmøre, men Havyard Leirvik i Hyllestad er ein viktig del av verksemda. I fjor vart fem avanserte offshorefartøy leverte frå verftet i Leirvik.

Havyard Group hadde eit driftsresultat på 247 millionar kroner i 2012, det er 30 millionar betre enn året før.

Konsernsjef Geir Johan Bakke seier dei no blant anna har kontroll på mykje større del av verdikjeda enn før.