Hopp til innhold

Ny kontrakt til Havyard - skal byggje servicebåtar for vindmøller

Havyard har no skrive ein kontrakt på to båtar som skal byggjast ved verftet i Leirvik i Sogn. Dette vil sikre arbeidsplassar i lang tid framover.

Illustrasjon Havyard 832 SOV

SLIK SER DEI UT: Havyard skal byggje to båtar som skal brukast i samband med service og vedlikehald av offshore vindmølleinstallasjonar.

Det er Esvagt som skal bruke skipa og levere tenester i samband med service og vedlikehald av offshore vindmølleinstallasjonar.

Skipa skal leverast frå Havyard Leirvik i Sogn i desember 2014 og mars 2015.

– Dette vil sette sikre arbeidsplassar ved verftet vårt i Leirvik. Kanskje vil det føre til at vi treng fleire folk også. Denne kontrakten betyr mykje for oss som arbeidsgjevar i Sogn, seier salssjef Gisle Vinjevoll Thrane ved Havyard Design and Solutions.

Esvagt er ein ny kunde for Havyard og det er også første gang Havyard designer fartøy for service og vedlikehald av offshore vindmøller.

Basisen for designen er teke frå teknologien Havyard har utvikla og levert til offshore oljeindustri over lang tid.

– Vi er veldig glade for å ha kome til semje med Esvagt om å få levere dei nye serviceskipa deira, seier salssjefen.

Havyard håper dei gjennom dette samarbeidet opnar for ein ny marknad med store moglegheiter i framtida.

– Energi frå vindmøller offshore er ein raskt veksande marknad og gjennom denne kontrakten har vi sikra oss eit godt utgangspunkt saman med leiande aktørar.