Hopp til innhold

Har massevis av jobbar – manglar folk

– Vi har meir arbeid enn vi har bemanning, seier Finn Ove Øen. Fleire bygg- og anleggsfirma slit med rekruttering. Det viser dei nyaste tala frå NAV.

Byggeplass utanfor tingretten i Førde

PROSJEKT: Åsen og Øvrelid har fleire byggeprosjekt på gang, her frå byggeplass utanfor tingretten i Førde. F.v Joakim Olset, Nicolai Holsen og Hans Martin Holsen i Åsen og Øvrelid.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Åsen og Øvrelid er ein leiande byggentreprenør i Sogn og Fjordane. Dei er godt kjende med problema knytt til rekrutteringa av fagfolk. Situasjonen er den same mange stader i landet.

Må sei nei til byggeprosjekt

– Det sit langt inne å måtte sei nei til store prosjekt på grunn av mangel på arbeidskraft, men sånn er situasjonen i dag, seier Finn Ove Øen i Åsen og Øvrelid.

Som dagleg leiar i entreprenørselskapet seier han at dei er uroa med tanke på framtida.

– Vi er absolutt bekymra for dette, og vi fryktar det vil bli mangel på arbeidskraft i framtida.

Han fortel at fleire grunnar til at næringa har problem med å få tak i fagfolk.

– Reglar for å leige inn arbeidskraft frå bemanningsbyrå har vorte stramma inn, så det gjer det vanskelegare. Samtidig så er det færre ungdomar som vel yrkesfag på vidaregåande.

– Stor auke i arbeidsplassar

Nye tal frå SSB syner at det på eit år har kome over 58000 nye arbeidsplassar i Noreg. I Sogn og Fjordane har det kome 960 nye stillingar.

– Det store bilete er at det går veldig bra i Noreg for tida og det er stor etterspurnad etter arbeidskraft, seier Frode Henden i Nav Vestland.

Frode Henden

AUKE: – Tala frå SSB syner at det har kome rundt 960 fleire arbeidsforhald i Sogn og Fjordane. Det betyr likevel ikkje at vi har fått 960 fleire sysselsette det siste året, seier Frode Henden i Nav Vestland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Både fylket og landet har hatt ein jamn nedgang i arbeidsløyse. Det er relativt få som står utan jobb over lengre tid, seier han.

Næringslivet går så det susar

Trass dei gode tala slit likevel fleire bedrifter med bemanning.

– Vi er inne i ein situasjon der næringslivet på veldig mange område går veldig bra og har potensial for vekst. Likevel melder næringslivet tilbake til oss at det er svært vanskeleg å finne nok kompetent arbeidskraft, seier Henden.

Han fortel at fråflytting er eit stort problem i Sogn og Fjordane, og det blir ikkje kompensert med tilflytting.

– Det er arbeidsinnvandringa til fylket som har redda oss dei siste ti åra, både med tanke på arbeidskraft og innbyggjartal.

Henden fortel at arbeidsinnvandringa til Sogn og Fjordane er den svakaste på veldig lenge. Dette bidreg til at bedrifter ikkje får tak i rett arbeidskraft.

Byggeplass - Førde

TRENG FOLK: – Det er ekstra utfordrande for oss lokalt at vi skal ha problem knytt til bemanning når det er så mange store og spennande prosjekt på gang, seier Finn Ove Øen i Åasen og Øvrelid

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Må gjere bransjen meir attraktiv

Finn Ove Øen fortel at det har vore utfordrande å få ungdomar til å velje yrkesfag på vidaregåande og at bransjen har hatt låg status.

– Det har vore eit stort fokus på at ein må ta høgare utdanning i samfunnet, og yrkesfag har hatt låg status.

Han seier at aktørane i bransjen burde bli meir synlege og flinkare til å tilby læreplassar.

– For å kunne vekse som bedrift så har vi behov for å kunne tilsetje fleire med yrkesfagleg bakgrunn, seier han og held fram.

– Bygg- og anleggsbransjen er ein god plass å vere med variert arbeid. Ein er også veldig sikra med tanke på å få jobb dersom ein vel denne utdanninga, avsluttar han.

Frode Henden i Nav fortel at ungdomar som vel yrkesfag er stabil, men at kulla vert mindre.

– Det er eit klart behov for at fleire vel yrkesfag for å dekke behova i fylket, seier han.