Hopp til innhold

Har lagt fleire hundre kilometer sti i norske fjell

Fleire sherpaar enn nokon gong har brukt sommaren til å legge fjellheimen til rette for turglade nordmenn.

Sherpaer på jobb i Erdalen i Stryn

ARBEIDSGJENGEN: Ngima Nuru (f.v.), Kualsang Tsering, Joar Tjellaug, Ole Runar Aabrekk, Ang Dawa og Ridam Rana under ei synfaring på stiprosjektet i Erdalen i Stryn denne sommaren.

Foto: Maria Knagenhjelm

Dei har jobba på stiprosjekt frå Tromsø i nord til Telemark i sør. Sherpaane frå Nepal har ein unik kompetanse på å leggje sti av stein i bratt terreng. No blir kompetansen deira nytta i Norge i større grad enn nokon gong tidlegare.

Berre i Sogn og Fjordane har sherpaane jobba på sju forskjellige stiar denne sommaren, mellom anna på Hornelen i Bremanger, Kneipen i Balestrand og Erdalen i Stryn.

Sherpaer er i gang med å restaurere stien opp til Skogshorn.

STEINTRAPP: Sherpaane har ein unik kompetanse på å leggje stein. Her jobbar dei på ein sti ved fjellet Skogshorn like ved Hemsedal.

Foto: HENNING FLAGET

– Eg trur at vi har laga 200–300 stiar i løpet av dei siste ti åra. Det blir rundt 200–300 kilometer med sti, seier Geirr Vetti.

Vetti er arbeidsleiar for sherpaane. Det var han som skaffa jobb til dei i Norge for over ti år sidan. Den første sommaren dei jobba i Norge var dei fire. I år var 38 sherpaar på jobb i norske fjell.

Geirr Vetti

ARBEIDSLEIAR: Geirr Vetti har ansvar for sherpaane som kjem til Norge for å arbeide.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Eg synest det har vore ein positiv utvikling, men det å få tak i pengar til stiar er ingen enkel sak. Det var vore fem gode år, så no er eg veldig spent på korleis det blir framover, seier Vetti.

Sparer naturen

Dei mange fjelltoppane blir stadig meir populære for både nordmenn og turistar. Samstundes som ferdselen i naturen aukar, aukar slitasjen på stiane. Dette har dei merka i Jostedalsbreen nasjonalpark.

– Veldig mange stader rundt nasjonalparken er det ei auke i besøkande. Meir besøk og meir dårleg vêr fører til stor terrengslitasje, fortel Maria Knagenhjelm.

Knagenhjelm er nasjonalparkforvaltar i Jostedalsbreen nasjonalpark. Dei har nytta nepalsk arbeidskraft til fleire store stiprosjekt i nasjonalparken dei siste åra.

– Eg har rekna ut at sherpaar har lagt 4,5 kilometer med sti i nasjonalparken. Stiane styrar ferdselen og er meir skånsamt for naturen, seier ho.

Maria Knagenhjelm

NATURFORVALTAR: Maria Knagenhjelm er nasjonalparkforvaltar i Jostedalsbreen nasjonalpark.

Foto: Anne Rudsengen

Vetti meiner gode stiar kan gi ringverknadar ikkje berre for naturen, men også for turismen.

– Det går veldig mykje folk i naturen no, og der det går folk må ein leggje til rette og spare naturen. Resultatet er jo at fleire får gå på gode stiar og det kan ha mykje å seie for turismen, samstundes som vi skånar naturen, seier han.