Hopp til innhold

Har ikkje hastverk med avgjerd

Det vil enno gå ei tid før miljøvernministeren tek ei avgjerd i saka om gruvedrift i Vevring. Det trur mangeåring SV-politikar Hallgeir Langeland.

Hallgeir Langeland

VIL TA TID: Hallgeir Langeland som sit på Stortinget for SV trur det framleis vil gå ei tid før avgjerda om gruvedrift i Engebøfjellet er klar.

Foto: NRK

Politikaren frå Rogaland har sete over 15 år på Stortinget og var i helga til stades på fylkesårsmøte til Sogn og Fjordane SV. Ei sak mange i distriktet er opptekne av er kor vidt Miljøverndepartementet gir klarsignal til gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring eller ikkje.

Departementet har allereie brukt halvanna år på å ta stilling til planane, og kunne denne veka ikkje gje noko tidspunkt for kor tid avgjerda er venta å vere klar. Det er SV som sit med ministerposten, og Hallgeir Langeland trur SV-kollega Bård Vegar Solhjell ikkje vil ta avgjerda med det første.

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Det eg har sagt på fylkesårsmøtet er at eg trur saka vil ligge ei stund til fordi den er så vanskeleg.

– Ei stund til, kor lenge er det?

– Eg synest saka skal ligge til ein har gjort dei vurderingane som trengst. Det er trass alt ein del miljøkonsekvensar som ikkje er klargjort. Vi må vite og ha eit grunnlag som gjer at vi veit kva vi gjer når vi tek avgjerda, seier Langeland.

Etterlyste svar

Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet i Vevring, men svaret på om dei får lov eller ikkje let vente seg.

Sist veke gav fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, uttrykk for selskapet snart måtte få eit svar. I avisa Firda viste ho til at den raudgrøne regjeringa ønskjer å satse på mineralressursane i landet, og at Engebø har ein av dei rikaste rutilførekomstane i verda.

– Eit selskap som har engasjert seg, kan ikkje bli sitjande og vente i det uendelege. Då må dei satse ein annan stad, og for Sunnfjord er Engebø eit unikt høve til å skape arbeidsplassar, sa Følling til avisa.

Seinast i desember sa direktøren i Nordic Mining, Ivar Fossum, at dei var byrja bli leie av å sitje på pinebenken med tanke på drift i Engebøfjellet. Nye rapportar viser at gruvedrift vil gi over 300 arbeidsplassar i Sunnfjord.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vibeke Johnsen

IKKJE HASTVERK: Nyvalt stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane meiner det er viktig å vurdere alle miljøomsyn i saka som går på gruvedrift i Engebøfjellet.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Har det ikkje så travelt

Gruvedrift vil innebere at det må dumpast store mengder gruveavfall i Førdefjorden, og for mange er det dette spørsmålet som gjer saka vanskeleg.

Heller ikkje nyvalt stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane, Vibeke Johnsen, trur avgjerda kjem med det første. Ho meiner det er viktig å ta seg tid til å vurdere saka skikkeleg.

– Vi er oppteke av å sikre eit miljøperspektiv i alle saker. Dette er ein av dei store diskusjonane og våre lokallag i Naustdal og Førde har jobba mykje inn mot SV sentralt i denne saka.

Johnsen seier SV i Sogn og Fjordane ikkje ønskjer fjorddeponi og at delegasjonen frå fylket vil flagge dette synet klart og tydeleg på SV sitt landsmøte i mars.

– Vi er glade for at miljøvernministeren bruker tid på å vurdere dei ulike elementa i saka. Vi har det ikkje så travelt som enkelte andre med å få avgjort dette. Det er viktig å bruke tid på å vurdert alle miljøomsyn i saka, seier Johnsen.

– Men det har allereie gått halvanna år, får ein svar før valet?

– Det kan eg ikkje svare på, seier Johnsen til NRK.no.