Hopp til innhold

No er han lei av å vente på avgjerda

Nordic Mining er lei av å vente på ei avklaring på om dei får starte opp gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Engebøfjellet og Ivar S. Fossum

UTOLMODIG: Ivar Fossum i Nordic Mining meiner grensa snart er nådd for kor lenge dei kan vente på ei avgjerd.

Foto: Fotomontasje

– Det går ei grense for kor lenge ein kan vente, seier direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum til NRK.no.

Regjeringa har snart brukt eitt og eit halvt år på å ta stilling til om verksemda får utvinne mineralet Rutil, og deponere gruveslam i Førdefjorden.

Men så langt veit dei ikkje ein gong når det kjem ei endeleg avgjerd.

– Kombinert med uvissa, så har det vore krevjande. Vi meiner det er på tide å nærme seg ei avklaring, er bøna frå Fossum.

Skal vurdere miljøkonsekvensane

Selskapet Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet, men sjølv om det no er fem år sidan utgreiinga av prosjektet starta er saka framleis ikkje avgjort.

Det er no Miljøverndepartementet som skal seie sitt, for to månader sidan kunne miljøvernminister Bård Vegar Solhjell ikkje gi noko klart svar på kor tid avgjerda kjem.

Direktøren i Nordic Mining, Ivar Fossum, understrekar at han forstår at ting tek tid, men vedgår at dei er utolmodige.

Han ventar no på at SV-politikaren, nettopp frå Naustdal, skal vurdere om miljøkonsekvensane ved å deponere store mengder gruveslam i Førdefjorden er små nok til at det er forsvarleg å starte gruvedrift.

Prosjektet er omstridd, og har mellom anna møtt motstand frå bygdefolk, miljøvernarar og ikkje minst Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet som fryktar for framtida til Førdefjorden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bård Vegar Solhjel

PÅ HANS BORD: Bård Vegar Solhjell som sjølv er frå Naustdal har no saka om gruvedrift i Engebøfjellet på sitt bord. Han kan ikkje seie kor tid det kjem ei avgjerd i saka.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Dette vil bli ein motor

På den andre sida står forventningsfulle innbyggjarar som håpar på ny industri og nye arbeidsplassar. Drifta kan gi 170 arbeidsplassar i Sunnfjord.

Ein av dei som gjerne ser at prosjektet snart får grønt lys er varaordførar Harald Kvame i Naustdal.

– Ikkje berre for Naustdal, men for heile Sunnfjord-regionen vil dette vere ein motor. Det er ikkje tvil om, seier han.

Håpar det skjer noko snart

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell sa i oktober at saka var prioritert, men at det altså er uvisst når svaret kjem. Fossum i Nordic Mining meiner grensa for kor lenge dei kan vente snart er nådd.

– Det har klart ei økonomisk side. Vi har investorar og aksjonærar som har stor tru på prosjektet og som er tålmodige, men alt har ei grense, seier Fossum til NRK.no.

Også Kvame håpar på ei avklaring. Eitt og eit halvt år er lenge nok, meiner han.

– Vi håpar jo alle at det skal kome ei avklaring, så snart som råd.