Hopp til innhold

Har fått nær 10 000 skademeldingar

Halvanna veke etter herjingane til uvêret Dagmar har forsikringsselskapa allereie fått inn over 9400 skademeldingar. Truleg vil dette talet auke monaleg.

Dagmar knuste bilen til 80-åring

KNUST: Denne bilen vart knust då fleire store tre velta over den. Dette har skjedd med tallause bilar.

Foto: Kristoffer Øen

Natt til 2. juledag slo eit forferdeleg uvêr inn over Nord-Vestlandet og Trøndelag. Tak vart rivne av hus, båtar knuste til pinneved og store tre ramla over både hus og bilar.

Skadane er omfattande, og truleg vil det ta lang tid før forsikringsselskapa får ei fullgod oversikt over kor store summar dei må ut med.

Med ein snittsum på 60 000 kroner for kvart erstatningskrav blir det dyrt. Berre til no reknar Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO) med at erstatningssummen er komen opp i 564 millionar kroner.

Har ikkje sett liknande sidan 1992

Stormen hadde ikkje før gitt seg før skademeldingane byrja å tikke inn hos forsikringsselskapa. Allereie er det kome inn over 9400 skademeldingar, og kommunikasjonssjef i FNO, Tonje Westby, seier det er lenge sidan ein har opplevd så omfattande skader etter vêrherjingar.

– Vi må nok heilt tilbake til nyttårsorkanen i 1991/1992 for å sjå eit slikt skadeomfang, seier Westby til NRK.no.

Forsikringsselskapa jobbar på spreng med å handtere alle skademeldingane som kjem inn. Selskapa sender så informasjonen vidare til FNO. Det er dei som administrerer Norsk Naturskadepool, der alle forsikringsselskapa er medlemmer, og dei har eit koordinerande ansvar for taksering av skadane etter uvêret.

(Artikkelen held fram under biletet)

"Dagmar" sine herjingar i Indre Nordfjord

RASERT: Den sterke vinden tok med seg det meste på sin veg, og fleire stader såg det slik ut etter uvêret natt til 2. juledag.

Foto: NRK/Torje Bjellaas

Store skadar i Sogn og Fjordane

Av forsikringsselskapa NRK har vore i kontakt med er det Gjensidige som har flest skademeldingar til no. Dei har allereie fått 3500 bygningsskadar på bordet.

Informasjonsrådgjevar Bjarne Aani Rysstad i Gjensidige fortel at Sogn og Fjordane står for ein stor del av desse meldingane.

– Det er eit veldig høgt tal erstatningskrav, og av desse 3500 krava er 22 prosent frå Sogn og Fjordane, seier Rysstad.

Også hos IF Forsikring ser dei føre seg at stadig fleire vil ta kontakt etter kvart som skadeomfanget verkeleg viser seg. Jon Berge, som er informasjonssjef, seier dei ikkje har noko god oversikt over dei einskilde fylka. Men inntrykket er likevel klart.

– Til no har vi registrert 2400 skademeldingar, og det er tydeleg at enkelte stader er verre råka. 315 av dei meldingane vi har fått inn til no kjem frå Sogn og Fjordane, seier Berge til NRK.no.

Fryktar mange fleire skademeldingar

Til liks med dei andre forsikringsselskapa ventar også Berge at skadeomfanget vil kome til å auke etter kvart.

– Det hadde vel vore greitt om det ikkje vart fleire no, men dessverre ser det ikkje slik ut, seier Berge.

Hos Storebrand har dei fått inn 85 skademeldingar etter uvêret sine herjingar på Nord-Vestlandet og i Trøndelag. I forsikringsselskapet Tryg ber pressetalsmann Roald Stigum Olsen folk om å melde inn skadar så raskt som mogleg.

– Dei som har fritidshus bør reise ut og sjekke desse, etter at dei no har fått oversikt over dei andre eigedelane sine, ber Stigum Olsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hytte teken av orkanen Dagmar

VEKK: Denne hytta vart teken av orkanen, og eigarane fann den att kvilande inn i hytteveggen til ei anna hytte i nærleiken.

Foto: May Birkeland

– Ikkje vent på takstmannen

Forsikringsselskapa har også registrert at mangeventar med å rydde etter stormen, fordi dei ventar på at takstmann skal kome for å registrere skadane. Men dette er ikkje nødvendig, så lenge folk er flinke å dokumentere skadane.

– Mange trur at øydeleggingane må stå urørte til takstmannen kjem, men så lenge det er forsvarleg å starte rydding kan folk gjere det. Ta bilete og dokumenter skadane, så går det bra, seier Westby i FNO.