Hopp til innhold

Har fått løyve til å bygge vindpark for 800 millionar

Vestavind Kraft AS fekk i dag konsesjon frå Olje- og energidepartementet (OED) til utbygging av Bremangerlandet Vindkraftverk. I 2011 sa NVE nei til same søknad.

Bremangerlandet Vindkraftpark

VINDMØLLER: Her på Steinfjellet i Bremanger er det planlagt å sette opp 26 vindturbinar.

Foto: Vestavind kraft

– No er vi på sporet av å få realisert noko. Vi har hatt lang motebakke sidan NVE sa nei, seier styreleiar i Bremangerlandet Vindkraft AS, Stig Svalheim.

1. desember 2015 gav Noregs vassdrags- og energidirektorat avslag på søknaden frå Vestavind Kraft AS som står bak planane. Årsaka var at dei samla visuelle verknadane i regionen ville blitt for store dersom ein hadde tillate bygging.

Men no har altså OED gitt konsesjon.

– Bremangerlandet vindkraftverk er eit prosjekt med særs gode økonomiske føresetnadar for å bli realisert. I Bremanger kommune vert dette vindkraftverket ønska velkommen, og prosjektet har også stor regional oppslutnad, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).

Ferdig om tre år

Utbygging av Bremangerlandet Vindkraftverk vil få 26 vindturbinar og installert effekt på inntil 80 MW. Det svarar til om lag 12.500 hushald.

– Kostnaden vert på om lag 800 millionar. Ein kan rekna om lag 10 millionar i kostnad per MW produksjon, seier Svalheim.

I konsesjonen står det at dei har om lag tre år på seg til å få anlegget i drift. Fleire har vore motstandar av utbygginga, men Svalheim trur dei fleste er positive.

– Vi har med oss kommunen, fylkeskommunen og fleire av grunneigarane. Men som med alle vedtak er det nok nokon som vil vera imot, seier han.

Når første spadetak vert tatt er han enno ikkje heilt sikker på.

Fleire er misnøgde

Men ikkje alle jublar over at det no kjem vindkraftverk til Bremangerlandet.

– Dette er utruleg trist for eit bygdesamfunn som igjen blir splitta, seier Ivar Rune Varpe, som er mellom dei som har kjempa mot vindkraftutbygging på Bremangerlandet.

Han meiner det er ein katastrofe for Bremanger når Olje- og energidepartementet no har sagt ja til bygging av 26 vindmøller på Steinfjellet.

– Det er synd at departementet overprøver NVE, som etter mi meining hadde ei veldig god vurdering av saka, seier Varpe.