NRK Meny
Normal

I dag må dei små tole store spørsmål - og du kan bidra

I ettermiddag er det dei minste partia her i fylket som skal spørjast ut, og du kan stille spørsmål til dei fire kandidatane som kjem i studio.

Småpartia

SMÅ OG IVRIGE: F.v. Asbjørn Massnes (Kystpartiet), Stein Malkenes (MDG), Bjørg Sølvi Refvik (Dei Kristne) og Ingunn Kandal (Raudt).

Foto: NTB Scanpix / NRK

Vallogo

Asbjørn Massnes frå Kystpartiet, Ingunn Kandal frå Raudt, Bjørg Sølvi Refvik frå Dei Kristne og Stein Malkenes frå Miljøpartiet Dei Grøne er alle ivrige toppkandidatar frå sine parti.

Men felles for dei alle er at sjansen for at nokon av dei skulle bli fylkesordførar etter valet er forsvinnande liten.

Dei trur likevel fullt og fast på politikken sin, og i timen mellom 15.30 og 16.30 kan du høyre utspørjinga på NRK P1 og nettradio.

Vi kjem til å plukke ut nokre få spørsmål frå publikum, og det er fleire måtar du kan kontakte oss i NRK på, dersom du har spørsmål til ein eller fleire av kandidatane.

  • Du kan bruke Facebook, Twitter eller Instagram

  • Bruk emneknaggane #nrksf, #nrkvalg og #nrkval

  • Send oss ein SMS med kodeord SF til 1987

  • Send oss ein epost til sf@nrk.no