NRK Meny
Normal

Håpar på kontrakt med Sogndal – men det er mange om beinet

Rosenborg-keeper Jacob Storevik (19) er denne veka i Sogndal, der han håpar å spele seg til kontrakt. Men det hard kamp om å sikre seg den siste keeperplassen i klubben.

Storevik håpar på kontrakt med Sogndal

UNG OG HÅPEFULL: Jacob Storevik (19) er ein av fem-seks kandidatar til den siste keeperplassen i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg håpar sjølvsagt at eg skal få ein kontrakt. Det hadde vore veldig fint å få komme nesten heim og utvikle meg vidare her, seier den unge naustedølen rett etter gårsdagens kamp mot Florø.

Sogndal er på utkikk etter ein ny sisteskanse som kan utfordre førstekeeper Mathias Dyngeland (20). Nyleg signerte dei sogndølen Kristian Rutlin (15), men han er tiltenkt eit rolle som tredjekeeper og skal få tid til å utvikle seg.

På utkikk etter ny klubb

I oppgjeret mot Florø fekk Storevik andre omgang til å bevise at han er rett mann mellom stengene. Han fekk det ikkje altfor travelt, men imponerte med ei feberredning og heldt nullen.

– Det var det litt smårusk og sånn, men eg er godt nøgd med den omgangen eg fekk, seier Storevik.

Kontrakten han har med Rosenborg går ut til sommaren, men keepertalentet er allereie no på utkikk etter ein ny klubb. Tidlegare i januar var han med førstedivisjonslaget Kristiansund på eit treningsopphald.

– No skal eg ikkje besøke noko meir klubbar. Så viss det ikkje blir noko her eller i Kristiansund, så er det sikkert ein klubb i Trondheim som kan vere aktuelt, seier han.

Mange om beinet

Jacob Storevik er berre ein av fleire keeperar som i desse dagane er på prøvespel i klubben. Keepertrenar Terje Skjeldestad seier det er fem-seks aktuelle kandidatar til plassen.

– Me har hatt ein austerrikar denne veka, me hadde Ådne Nissestad førre veke og det kjem ein ny ein ny neste veke. Alle skal få sjansen til å vise seg fram, så får vi ta ei avgjersle etter det, seier Skjeldestad.

Han meiner Storevik kom greitt ifrå den omgangen han fekk.

– Han gjorde jobben og heldt nullen, seier han.

Alder ingen hindring

Med to unge keeperar i stallen, skulle ein tru at klubben no først og fremst er på utkikk etter rutine. Den tankegongen deler ikkje Skjeldestad.

– Eg meiner at vi skal ha unggutar som kan fighta med kvarandre. No har me ein knallgod keeper i Mathias og eit utruleg spennande talent i Kristian. Å få inn ein til i det sjiktet der, det er det eg vil, seier han.

Trenar Eirik Bakke seier dei ikkje har noko hast med å bestemme seg for kven dei vil gå for.

– Me må vera sikre på den keeperen vi får inn. Jacob kjenner vi til og om ikkje han har ei framtid her, så har han ei framtid andre plassar, seier Bakke.

Allereie i morgon skal Sogndal spele ein ny treningskamp, denne gong mot Fyllingsdalen. Der får Storevik ein siste sjanse til å bevise at han er mannen å satse på.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser