– Vi skal gje alle skikkeleg opplæring i forkant, slik at operatørane i Bergen kjenner Sogn og Fjordane godt nok. Eg har også eit håp om at nokre av operatørar som i dag jobbar i Florø følgjer med til Bergen, seier politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt, på spørsmål om korleis dei som skal betene den nye operasjonssentralen i Bergen, skal ha nok lokalkunnskap om Sogn og Fjordane.
8. november er datoen det skal bli ein operasjonssentral for Vest politidistrikt, mot to som det er i dag.
- Les også:
Reknar med alle får tilbod
Lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund for Vest politidistrikt, Kjetil Rekdal, seier dei enno ikkje veit heilt kva som skjer med dei som i dag jobbar i Florø.
– Det er ein prosess vi står midt i no og vi kan ikkje garantere at alle som jobbar i Florø får tilbod om å vera med over, men vi går ut ifrå at det vil skje, seier Rekdal.
Han poengterer at dei som sitt i Florø har ein kompetanse dei vil trenge på den nye operasjonssentralen som skal dekke både Hordaland og Sogn og Fjordane.
– Det er viktig at dei som sitt på operasjonssentralen har lokalkunnskap og dei som no sitt i Florø har det. Eg håpar dei har eit ønske om å følgje med over til Bergen, seier Rekdal.
Politimeisteren seier folk i Sogn og Fjordane ikkje treng å frykte at operasjonssentralen forsvinn frå fylket.
– Dei som sitt på sentralen i Bergen skal styre ressursane på bakken, og dei er på bakken i Sogn og Fjordane. Vi satsar på å fleire ressursar der i åra framover, og eg er ikkje redd den lokale forankringa skal forsvinne, seier Sognstad.