Hopp til innhold

Håpar å vite brannårsak i slutten av veka

Politiet forventar å vita årsaka til brannen i Svelgen i slutten av veka.

Branntomt Svelgen

UNDERSØKJER RUINANE: Brannårsaka er framleis ukjend.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Den tekniske biten er ferdig, forklarer lensmann Hans Rune Strandos.

Gjenstandar frå åstaden skal no undersøkjast nærmare for å finna ut kvifor tre leilegheiter brann ned til grunnen i Svelgen førre fredag.

Ingen personar omkom i brannen, men fire personar vart sende til Førde sentralsjukehus med lettare røykskadar. Blant desse var to barn på tre og fem år. Dei fire er no skrivne ut frå sjukehuset. Til saman ti personar mista alt dei eigde i brannen.

Kunne gått verre

– Det var dramatisk. Det er kanskje fælt å seia det når tre familiar har mista alt dei eig, men midt opp tragedien har vi vore heldige også, det kunne lett ha gått så mykje verre, seier Strandos.

Det var nemleg lite vind medan brannen stod på, og derfor spreidde flammane seg ikkje vidare til andre husvære. Totalt elleve husvære stod i fare for å brenna ned medan det stod på som verst.

Dårleg vasstrykk

Dårleg vasstrykk gjorde det ekstra utfordrande å sløkka brannen. Etter kvart kom det to tankbilar for å tilføra meir vatn.

– Det klart vi må sjå på vassforsyninga i området. Når det er sagt så var tre av husværa overtente då brannmannskapa kom på staden. Dei hadde vi nok ikkje kunne berge sjølv med betre vassforsyning, forsikrar Strandos.