Hopp til innhold

Meiner brannen starta i ei varmepumpe

Politiet har no ein ganske klar teori om kvar storbrannen i Svelgen starta.

Branntomt Svelgen
Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vitneobservasjonar og teknisk etterforsking peika ganske tidleg mot at brannen har starta i eller ved ei varmepumpe på det eine huset, seier lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger.

Fredag 28. mars vart tre husvære totalskadde i brann i Svelgen.

Laster Twitter-innhold

Miste alt dei eigde

Ingen personar omkom i brannen, men fire personar vart sende til Førde sentralsjukehus med lettare røykskadar. Blant desse var to barn på tre og fem år. Dei fire er no skrivne ut frå sjukehuset. Til saman ti personar mista alt dei eigde i brannen.

– Dei har no fått mellombelse bustader, og eg vil rose både kommune og privatpersonar for måten dei har stilt opp for å skaffe bustad og anna som dei treng, etter å ha mist alt i brannen.

Brannårsaka framleis ukjent

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kva som har utløyst brannen som dei meiner har starta i eller ved ei varmepumpe, som stod under ein veranda.

– Nei, kva som eksakt har utløyst brannen er vanskeleg å seie, men det eg kan seie er at vi ikkje har noko mistanke om at det ligg noko kriminelt bak brannen.

I løpet av 14 dagar reknar Strandos med at politiet er heilt ferdige med etterforskinga av brannen.