Hopp til innhold

Får ikkje undersøkt brannruinane i dag

– For å seie det mildt, vi har hatt flaks, seier lensmann Hans Rune Strandos etter brannen i Svelgen fredag kveld.

Lensmann Hans Rune Strandos på branntomta i Svelgen.

PÅ SYNFARING: Lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger var laurdag føremiddag tilbake på branntomta i Svelgen.

Foto: Privat

Politiet må truleg vente ein til to dagar før dei får starte undersøkinga av brannruinane i Kringomvegen i Svelgen.

Tre leilegheiter vart totalskadde i brannen. Ei fjerde fekk store skader. Ti personar mista heimane sine.

Rekkehus i full fyr

FULL FYR: Brannmannskap kjempa mot flammane i timevis før dei fekk kontroll på brannen.

Foto: Truls Kleivein / NRK

– Vi hadde vêrgudane på vår side. Brannbefalet sa tidleg at det i beste fall ville ryke med tre leilegheiter. Det vart dei tre, seier lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos.

Hundar brann inne

Elleve bustader i rekkehuset vart evakuerte då brannen starta i 21-tida fredag kveld. Allereie etter kort tid var den første leilegheita overtent, og brannen hadde spreidd seg til to andre leilegheiter.

Tre leiligheiter brann ned til grunnen og ei fjerde leiligheit fekk store skader i brannen i Svelgen.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut på branntomta laurdag morgon. (FOTO/REDIGERING: TRULS KLEIVEN)

Til alt hell var det vindstille. Og endå viktigare – ingen menneskeliv gjekk tapt. To hundar brann inne.

– Det kunne blitt mange, mange fleire leilegheiter og hus, for her var ein enorm varmeutvikling. Listverk på brannbilen som stod her smelta, seier Strandos og likar dårleg tanken på kva som kunne skjedd om det var vind eller om brannen starta seinare.

Ser pipene

Branntomta i Svelgen

TRIST: Naboane i Kringomvegen i Svelgen vakna opp til eit trist syn laurdag morgon.

Foto: TRULS KLEIVEN

Vinden tok seg opp kring midnatt, men då hadde brannmannskap og mannskap frå Sivilforsvaret god kontroll på brannen. I 0230-tida vart delar av mannskapet dimittert.

I morgontimane kom dei synlege skadane etter brannen sine herjingar for ein dag.

– Det er forferdeleg. Eg har ikkje vore ute for å sjå, men herifrå ser eg pipene som står att etter husa. Det er frykteleg trist, sa Sonja Flugre som bur i ein einebustad like i nærleiken, då NRK snakka med henne i 08-tida.

Har fått indikasjon på årsak

Lensmann Strandos seier det førebels er uvisst når folk igjen kan flytte inn att i husa som står att. Ein del hus har fått røykskade.

– Vi veit at tre leilegheiter er borte, og no er folk byrja å sjekke heimane sine, seier han og ventar å ha betre oversikt etter eit møte for dei brannråka på rådhuset klokka 12.

Lensmannen seier at dei i løpet av dagen vil avhøyre vitne, men at dei har fått indikasjon på kva som kan vere brannårsaka. Han ynskjer ikkje å utdjupe dette nærare.